Viltutvalet i Etne kommune
Inviterer til møte om forvaltning av hjort i Etne kommune og Vestland fylke.
Roar Bævre
Viltutvalet i Etne kommune inviterer med dette alle jaktretthavarar, hjorteviltvald, jegerar og andre interesserte til møte om hjort, hjorteforvaltning og hjortejakt og regelverket for motorisert ferdsel i utmark.
Møtet blir tysdag 29. april klokka 18.00 til 21.00 på kommunestyre- og formannskapssalen på Etne tinghus.
Program:
Klokka 18.00: Hjorteforvaltninga i Vestland fylke og Etne kommune ved viltforvaltar i Vestland fylkeskommune Finn Olav Myhren.
Klokka 19.30: Motorferdsel i utmark og røynsle med ulovleg jakt ved Olaf Bratland, Statens naturoppsyn.
Det blir spørsmålsrunde etter kvart foredrag og pause med enkel bevertning!
Møtet er gratis! Velkommen!
Eivind Frette, leiar
Viltutvalet