Vinterferie med "Ferie for alle"
«Ferie for alle», eit tilbod om gratis ferieopphald for barnefamiliar som lever med vedvarande låginntekt. Søknadsfrist: 27. januar 2026

Deltakarar som ikkje har vore med på Ferie for alle før blir prioriterte.
Familien bør vera glade i å vera utandørs og å vera aktive då dei legg opp til mykje uteaktivitetar. Det blir lagt opp til aktivitetar for heile familien, med hovudfokus på barn i 6-13 årsalderen.
Transport, overnatting, aktivitetar og mat blir dekt for heile familien.
Kven kan vera med på Ferie for alle?
Familiar som:
- Har hatt økonomiske utfordringar og budd i Noreg dei siste 3 år
- Har minst eitt barn i barneskulealder (6-13 år)
- Ikkje har tilsvarande ferietilbod
- Klarer seg sjølv utan behov for tett oppfølging frå våre frivillige
- Fungerer i gruppe saman med andre på leir
Korleis søkja plass?
Familiar kan ikkje sjølv søkja plass på Ferie for alle – ein påmeldar, for eksempel NAV, skulehelsetenesta, barneverntenesta eller andre offentlege hjelpeapparatet, må senda inn søknad på vegner av familien.
Slik søker du ferieopphold - Røde Kors
Publisert 16.01.2026 14:39
Sist endret 16.01.2026 14:39