Vis omsyn i ein tørr periode

Det har vore ein lengre tørkeperiode i Etne og Skånevik. Sjølv om det kjennest kaldt og uvant å måtte tenkje på brannfare no, er naturen svært tørr. Det gjer at ein brann kan oppstå raskt og spreie seg fort – både i terrenget og mellom trehus.

Bål med raudt utropstegn på - Klikk for stort bilde

Etne brann og redning ber difor alle innbyggjarar om å vere ekstra varsame i denne perioden. Vi oppmodar sterkt om å ikkje gjere opp bål, bruke open eld eller gjere andre handlingar som kan føre til gnistar eller brann.

Ein liten gnist kan få store konsekvensar når det er så tørt som no. Ved å vise omsyn og ta ansvar saman, kan vi bidra til å verne både menneske, eigedom og natur.

Takk for at du er med og tek vare på lokalsamfunnet vårt i denne tida.