Søknad om reduksjon i foreldrebetaling

Gjeld foreldre med barnehageplass i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.

Foreldre med låg betalingsevne kan søkja kommunen om reduksjon i foreldrebetaling for barnehageplass, jf. Forskrift om foreldrebetaling i barnehager, § 3 Moderasjonsordninger.

Det kan også verta innvilga friplass med heimel i sosialtenestelova eller barnevernslova. Då lyt ein venda seg til NAV eller barnevernstenesta.

Det er to ordningar for moderasjon i foreldrebetaling for barnehageplass:

ORDNING 1

GRUNNLAG FOR Å SØKJA OM REDUSERT FORELDREBETALING 
Ingen hushald skal betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass.
Frå 01.02.2022 vart maksprisen redusert til kr. 3.050,- Inntektsgrensa for redusert foreldrebetaling er såleis kr. 559.167,-

ORDNING 2

GRATIS KJERNETID FOR 2,- 3-, 4- OG 5-ÅRINGAR OG BORN MED UTSETT SKULESTART SOM  BUR I HUSHALD MED LÅG INNTEKT
Alle 2,- 3-, 4-, 5-åringar og born med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Ordninga gjeld for hushald som har ei samla inntekt under kr. 566.100,-.

Frå 1. august 2021 er inntektsgrensa for gratis kjernetid 583.650,-

FELLES FOR ORDNINGANE: 

Betalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt.
Hushald: einsleg, ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar.
Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadene, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.

FØRESETNADER FOR REDUKSJON I FORELDREBETALINGA

Barnet må vera folkeregistrert i Etne, og det må ha plass i offentleg godkjent kommunal eller privat barnehage
Betalingsevne: inntekter er lågare enn ei av dei to ordningane

INNTEKTER MÅ DOKUMENTERAST

Søkjar har ansvar for å leggja fram dokumentasjon i samband med søknad.

Dokumentasjonskrav for inntektsutrekning er skattemeldinga for det siste året.

Dersom du har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står på skattemeldinga som er fylt ut på førehand, skal desse vera dokumenterte. Skattepliktige kapitalinntekter er m.a. renteinntekter, aksjeutbytte, vinst ved sal av eigedom og lausøyre, leigeinntekter, bruksrettar i kapital og vederlagsfri bruk av andre sine eigendelar.

Dersom det nyleg har vore endringar i økonomien i hushaldet og som ikkje er likt med den førre skattemeldinga, skal dei vere dokumenterte med annan dokumentasjon av skattepliktig inntekt.

Døme på slik dokumentasjon kan vera:

  • Lønsslipp (stadfesting frå arbeidsgjevaren på brutto månads-/årslønn)
  • Trygdeutbetalingsblankettar
  • Fødselspengar
  • Pensjonar
  • Arbeidsløysetrygd
  • Studentbevis/stadfesting på skuleplass

VURDERING

Sakshandsaming/klagerett er i tråd med krav i Forvaltningslova. Etne kommune sitt klageorgan er klageinstans.
Etne kommune som barnehagemynde gjer ei skjønsvurdering ved fastsetjing av
foreldrebetaling. Vedtak vert gjort for gjeldande barnehageår gjeldande frå månaden etter søknadsdato.

ENDRINGAR I PERSON- OG KAPITALINNTEKTER ETTER AT VEDTAKET ER FATTA
Alle hushald med vedtak om reduksjon i foreldrebetaling pliktar å melda frå om endringar i den økonomiske situasjonen. Endringar kan ha konsekvensar for vedtaket.

 

Her er link til skjemaet

Kontaktinformasjon

Dagfinn Garnes Johnsen
Rådgjevar
E-post
Telefon 53 75 81 25
Mobil 906 71 692