Søk barnehageplass

KORT FORTALT

  • Søknadsfrist hovudopptak: 1. mars 
  • Søknadsfrist endringar: 15. februar
  • Du kan søkje heile året

I Etne kommune er det to kommunale barnehagar: Enge barnehage og Skånevik barnehage og ein privat barnehage: Småfolk barnehage.

Foreldre kan søkja barnehageplass heile året, men grunna planleggjing av nytt barnehageår, vert søknadsfristen for hovudopptak til barnehageplass med oppstart straks etter sommarferien sett til 1. mars kvart år. Fristen gjeld også for å vera sikra lovfesta rett til barnehageplass.

Barn som allereie har plass, treng ikkje søkja på nytt.

 

Barn som fyller eitt år innan november, har lovfesta rett til barnehageplass.

Ein må søkja om barnehageplass innan 1. mars for å oppfylla retten til barnehageplass.
Barn som fyller eitt år innan november, kan søkja om plass frå 1. august, men treng ikkje nytta plassen før dei fyller eitt år.

  • Søknad om endring av opphaldstid har søknadsfrist 15. februar.
  • Barn med plass i barnehage etter 2. eller 3. alternativ og som står på venteliste til høgare alternativ, kan søkja om plass i førstealternativsbarnehage.
  • Søknadsfrist 15. februar.
  • Søknad om:
    - ny barnehageplass
    - endra opphaldstid
    - plass ved førstealternativsbarnehage (for dei som står på venteliste) gjer ein via nettsida til Etne kommune.

Melding om behov for individuell tilrettelegging i barnehage jfr Barnehagelova §37. (DOCX, 34 kB)
Ta kontakt med barnehagen om meldingsskjema.

 

Søknadsskjema for ny plass, endring og oppseiing

 

Nullmobbing