Individuell tilretteleggjing av barnehagetilbodet for born med nedsett funksjonsevne

Born med nedsett funksjonsevne skal kunna delta i barnehage som andre born.

Barnehagelova § 2, tredje ledd, stiller krav til at barnehagen skal tilpassa tilbodet blant anna ut frå barnet sitt funksjonsnivå. Dette betyr at barnehageeigar har ansvar for å sjå til at også born med nedsett funksjonsevne får eit barnehagetilbod i tråd med lova. Barnehageeigar sitt ansvar er likevel avgrensa til kva barnehagen kan gjera innanfor dei ordinære rammene.

Kommunen skal i følgje barnehagelova § 37 sikra at born med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Målsetjinga med tilretteleggjing av tilbodet etter barnehagelova § 37 er ikkje endring og utvikling hjå barnet, men å byggja ned barrierar som gjer at barnet kan gjera seg nytte av tilbodet.

Kommunen si tilretteleggjingsplikt i ein enkelt barnehage gjeld ikkje dersom tiltaket er ei uforholdsmessig byrde for kommunen. Det betyr at kommunen unntaksvis kan avvisa ynskje om tilretteleggjing i ein enkeltbarnehage med grunngjeving i at tiltaket inneber ei uforholdsmessig byrde for kommunen. Døme her kan vera at barnehagen ikkje har universell utforming, og ei utbetring vil medføra store kostnader for kommunen.

Les meir om individuelt tilrettelagt barnehagetilbod her:
Brosjyre: Informasjon individuelt tilrettelagt barnehagetilbod (DOCX, 37 kB)

Retningsline – individuelt tilrettelagd barnehagetilbod (DOCX, 52 kB)

UDIR: 

Tilretteleggjing av barnehagetilbodet for born med nedsett funksjonsevne
Tolkingsuttale

Kven har rett til tilrettelegging?

Born med nedsett funksjonsevne er ei samansett gruppe. Det er born som har skade eller avvik i sosiale, kognitive, psykologiske, fysiologiske eller biologiske funksjonar. Borna kan ha tap eller skade på̊ ein kroppsdel, eller i ein av kroppen sine funksjonar. Dette kan til dømes vera nedsett rørsle-, syn- eller høyrefunksjon, nedsett kognitiv funksjon, diagnosar innan autismespekteret eller ulike funksjonsnedsetjingar på grunn av allergi, hjarte- og lungesjukdom.

Ein må avgrensa det mot forbigåande og bagatellmessige forhold, til dømes ein broten fot eller der barn endrar åtferd som ein normal reaksjon på krevjande livshendingar.

At eit barn har nedsett funksjonsevne er ikkje einstydande med at barnet treng særskild tilretteleggjing i barnehagen. Det er viktig å vere medviten på at behova barnet har for tilretteleggjing i nokre tilfelle vil kunne avhjelpast ved at dei ordinære omgjevnadene og det ordinære tilbodet vert utforma på ein måte som gjer at det kan brukast av alle på ein likeverdig måte.

Nedsett funksjonsevne treng ikkje å utgjera ei funksjonshemming. Funksjonshemming er noko som oppstår når det blir eit gap mellom barnet sine føresetnader og omgjevnadene si utforming eller krav.

Kva kan tilretteleggjinga gå ut på?

Tilretteleggjing kan vera endring av bygg for å tilpassa barnet sine behov eller støtte til utstyr som barnet treng for å kunna gjera seg nytte av barnehagetilbodet. Tilretteleggjing kan òg vera ekstra bemanning, opplæring av tilsette eller andre tiltak som er nødvendige.

Kommunen si tilretteleggjingsplikt er avgrensa til å ikkje innebera ei uforholdsmessig byrde. Denne avgrensinga kan til dømes innebera at barnet vert tilbydd plass i ein annan barnehage som er betre tilpassa barnet sine behov for fysisk tilretteleggjing.

Saksgang – Korleis få tenesta?

Kommunen vurderer fortløpande om eit barn kan ha behov for tilretteleggjing, også uavhengig av om kommunen får melding om behov eller ikkje. Det er likevel ein fordel om kommunen får melding frå til dømes føresette, tilsette i barnehagen eller helsestasjonen dersom eit barn har behov for individuell tilretteleggjing av barnehagetilbodet. Kommunen vil så henta inn tilstrekkeleg og utfyllande informasjon for å opplysa saka om barnet har nedsett funksjonsevne og slik har rett på individuell tilretteleggjing, jf. barnehagelova § 37. Kommunen må til dømes kunna be om at foreldra sender inn relevant dokumentasjon i saka. (Udir 2017)

Melding

Føresette og /eller barnehagen vurderer om det skal sendast melding til kommunen om behov for individuelt tilretteleggjing av barnehagetilbodet. Dersom det vert vurdert at det ikkje er mogeleg å leggja til rette for barnet innanfor det ordinære tilbodet, kan føresette senda melding til kommunen via følgjande skjema:

Melding om behov for tilrettelagt barnehagetilbod for born med nedsett funksjonsevne frå føresette

Melding om behov for tilrettelagt barnehagetilbod for born med nedsett funksjonsevne frå barnehagen

For å gjera sakshandsaminga rask og effektiv, ber kommunen om å få dokumentasjon om barnet sine vanskar i høve nedsett funksjonsevne i lag med meldeskjema, eller så raskt som mogeleg etter innsendt melding om slikt behov. Dokumentasjon kan vera frå kommune- eller spesialisthelsetenesta, PPT m.fl. Dokumentasjonen må seia noko om at barnet har nedsett funksjonsevne og i kva grad barnet treng tilretteleggjing for å gjera seg nytta av barnehagetilbodet.

Melding om behov for individuelt tilrettelagt barnehagetilbod vert handsama kontinuerleg.

Vedtak

Barnehagemynde i kommunen fattar vedtak om individuelt tilrettelagt barnehagetilbod i samarbeid med føresette og barnehage. Vedtaket vert sendt føresette, med kopi til barnehagen. 

Høve til å klaga

Føresette kan klaga på vedtaket. Klagefristen er tre veker frå ein fekk vedtaket. I klagen skal ein føra opp kva ein ynskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunna gje rettleiing. Klaga skal sendast til Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne.  
Statsforvaltaren er klageinstans. Før klagen vert send Statsforvaltaren, skal instansen som fatta vedtaket vurdera om det er grunn til å endra det.  

Les meir om saksgang i:
Lov om barnehage § 2

Lov om barnehage § 37

For meir informasjon kontakt:
Barnehagemynde
Dagfinn Garnes-Johnsen
E-post: dagfinn.garnes-johnsen@etne.kommune.no
Telefon: 5375 8125

Kontaktinformasjon

Dagfinn Garnes-Johnsen
Rådgjevar
E-post
Telefon 53 75 81 25