Mobbeombod

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø.

KORT FORTALT

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet;
på telefon 57 30 03 33 eller på e-post mobbeombod@vlfk.no

Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.
Mobbeombodet rettleier i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå
fram om eit barn ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.

Du kan følgje ombodet på Facebook.
Du kan lese meir om ombodet og korleis du kan få hjelp på mobbeombodet sine heimesider.