Handlingsplan mot mobbing for skulane i Etne kommune

Skulane i Etne har som mål å hindra at mobbing oppstår.

Skulane i Etne brukar definisjonen til Dan Olweus på mobbing :

”Ein person blir mobba når han/ho, gjentekne gonger, og over ei viss tid, blir utsatt for negative handlingar frå ein eller fleire personar”

Tiltak når mobbing er oppdaga:

  • Vaksne viser handling straks!
  • Informasjonsinnhenting frå lærarar, foreldre, andre.
  • Kontaktlærar blir informert.
  • Kontaktlærar(ane) vurderer situasjonen og avgjer korleis saka skal meldast.
  • Rektor skal alltid informerast om mobbesaker.

Tiltak når mobbing er oppdaga:

  1. Samtale med mobbeofferet.
    Kartlegging: Kva har skjedd, kor ofte, kven mobbar, kor skjer dette?
    Korleis opptrer han/ho sjølv i slike situasjonar?
    Kartlegga støttespelarar 
  2. Dersom fleire mobbarar er innblanda i saka, skal ein samtala ein og ein med elevane. Det er eit poeng at det ikkje blir gitt beskjed til den enkelte eleven om samtalen, for å unngå ”samsnakking” 
  3. I samtalen med mobbaren er hovudpoenget å tydeleggjera at at dette ikkje blir akseptert, og referera til konkrete hendingar. Alvoret må gjerast tydeleg. Det er eit krav at mobbaren går inn i eit forpliktande samarbeid for å få slutt på mobbinga.
  4. Oppfølgingssamtale innan ei veke.
  5. Separate evalueringssamtalar med både offer og mobbar(ar) kvar for seg. 
  6. Konsekvensen for mobbaren kan vera: Tap av privilegium, nedsett åtferdskarakter (u-skulen), restriksjonar på skulen/skuleveg, utvising inntil 3 dagar.
  7. Det skal gjerast enkeltvedtak dersom elev eller føresette ber om tiltak i ei mobbesak (jfr. § 9a i Oppl.lova). Kontaktlærar skal informera om retten til enkeltvedtak. Informasjonen skal også ligga på skulen si heimeside.

Foreldre skal alltid informerast om at barnet deira er innblanda i ei mobbesak. Det skal vurderast i kvar enkelt sak kor aktiv rolle foreldra skal ha .

”Skulane i Etne har nulltoleranse m.o.t. mobbing”

Relatert innhold

Nullmobbing