SLT- Koordinator i Etne

KORT FORTALT

  • SLT er ein samordningsmodell for lokale, førebyggande tiltak mot rus og kriminalitet.
  • SLT skal sikra at dei ressursane som allereie finst hos kommunen og politiet, blir meir samkjørt og målretta.

Kva er dei største utfordringane for unge menneske i din kommune?

Kven av dei er spesielt utsatt for å hamne i enda større vanskar?

Korleis kan desse få best mogleg hjelp til å meistre livet sitt og unngå rus og kriminalitet?

 

SLT-modellen er utvikla av Det kriminalitetsførebyggande råd for å hjelpe norske kommunar til å bruke kreftene sine mest mulig effektivt i møte med disse utfordringane.

Barn og unge som målgruppe

SLT-modellen sørgjer for eit samarbeid mellom politi og kommune innan området rus- og kriminalitetsførebygging. SLT er i hovudsak retta mot barn og unge og deira foreldre og føresette.

Målet er at kommunens barn og unge skal få rett hjelp til rett tid, av eit hjelpeapparat som samarbeida godt på tvers av etatar og faggrupper.

SLT-modellen blei introdusert i Noreg av KRÅD tidlig på 1990-tallet, basert på den danske SSP-modellen. SLT ble vitskapleg evaluert første gong i 1995 (NIBR), seinast av Myrer, Strype, Egge og Gundhus (Politihøgskolen 2008) og er i tillegg grundig utprøvd av rundt 200 norske kommunar.

Det er vel kjent at kriminalitet kostar samfunnet enorme summar, både økonomisk og menneskeleg. Eit effektivt førebyggingsarbeid er ei investering som på sikt får betydelig avkastning i form av sunnare, tryggare og meir levande lokalsamfunn. Likevel ser me ofte at førebyggingsarbeidet ikkje får de ressursane det burde hatt. Då er det enda viktigare at ressursane som faktisk finnes, utnyttes best mogleg. Det er dette SLT-modellens handlar om.

Tilskot til inkludering av barn og unge

SLT-modellen er utvikla for å koordinere kunnskap, kompetanse og ressursar mellom politiet og dei kommunale einingane som tar kriminalitetsførebyggande omsyn. Det inkluderer også to andre viktig deler av lokalsamfunnet: næringslivet og de frivillige organisasjonane.

Når alle desse sektorene møtes regelmessig for å utveksle kunnskap og erfaringar, bli kjent med kvarandre sine arbeidsmåtar og kulturar og gjerne samordnar tiltak og oppgåver, blir det enklare å drive målretta førebygging på ein meir effektiv måte. Når signaler blir fanga opp og blir spreidd  raskare, kan tiltak setjas inn tidlegare og meir presist – mens faren for dobbeltarbeid og overlapping reduserast.

Dette er nøkkelen i SLT-modellen. Dette er også i tråd med de stadig tydelegere krava til kunnskapsstyrte konklusjonar, både i politiet og hos andre tenester.

Organiseringa av SLT-arbeidet

  1. SLT-arbeidet må forankras gjennom en styringsgruppe som består av leierar frå kommune og politi. Ordfører og rådmann, eventuelt kommunalsjef med rådmannens mynde, skal vere med i styringsgruppa, saman med andre relevante leierar frå kommunen med oppvekst som fagfelt. Politiet bør vere representert med den høgsate politimynden på staden. SLT- koordinator møter fast i denne gruppa. Styringsgruppa har ansvar for førebygging av rus og kriminalitet blant barn og unge. Enkelte stader er styringsgruppa slått saman med politirådet. Gruppa møtes vanlegvis fire til seks gonger i året.
     
  2. Neste nivå er SLT- Arbeidsutvalet det har ansvaret for den praktiske koordineringa av kommunens rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid. Samansetjinga i gruppa skal reflektera dei viktigaste oppgåvene for SLT-nettverket i kommunen. Aktuelle deltakerar utanom SLT-koordinatoren er leierar frå politi, barnevern, skule, kultur, helse, NAV/sosial, PPT, utekontakt, teknisk etat, konfliktråd, oppfølgingsteam og vidaregåande skule. SLT-koordinator kan sjølv ha rollen som sekretær, eller peike ut nokon til å ta den rollen. Møta bør være minimum månadlig.
     
  3. Det utførande nivå står for det direkte rus- og kriminalitetsførebyggande arbeidet. Her finnes alle som er i direkte kontakt med barn og unge. Det kan vere tilsette i kommunens eigne einingar og førebyggande politi. Frivillige organisasjonar, kyrkja samt det lokale næringsliv har også en rolle i det førebyggande arbeidet på dette nivået. Tiltaka kan være nøye planlagt og langvarige, eller raskt initiert og kortvarige. Det kommer an på problemstillinga.

    SLT-koordinatoren skal sørgje for kontinuerlig informasjonsflyt mellom nivåa. I rollen som koordinator ligger ansvar for møtereferata, klare bestillingar og uttalte forventningar slik at det blir en samanheng i arbeidet.

 

Her kan du sjå Handlingsplan 2021-2024 (PDF, 210 kB)

Førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme 2023 (DOCX, 4 MB)

Kontaktinformasjon

Liv Ellen Ebne
Rådgjevar
E-post
Telefon 53 75 81 30
Mobil 91 77 92 35