Vaksenopplæring

Velkommen på norskkurs i Etne!

KORT FORTALT

I vaksenopplæringa i Etne gir me norskopplæring etter «Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere» og etter «Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrere» og «Læreplan i Kunnskapsløftet for voksne».

Tale- og skriftspråk

Undervisninga er på bokmål

Organisering

Me har to grupper på dagtid og to grupper på kveldstid.

Nasjonar

I 2023-2024 er det 7 ulike nasjonalitetar på kursa.

Progresjon

Elevar kjem på kurset med ulik skulebakgrunn og førkunnskap i norsk. Dette tek me omsyn til når me skal dela inn i grupper og undervisa.

Kartlegging

Kartlegging av deltakar skjer som regel på det fyrste møtet.
På dette møtet bruker me tolk om det er nødvendig.

Tid

Opplæringa er på dag- eller kveldstid.

Gratis opplæring

Ein innvandrar som har fått opphald som dannar grunnlag for permanent opphald eller kollektiv beskyttelse i massefluktsituasjon, har rett til gratis opplæring dersom han eller ho er mellom 16-67 år.

Ikkje gratis opplæring

For dei som ikkje har rett på gratis opplæring, kan me tilby kurs mot betaling om me har ledig plass på kursa våre.

SAMFUNNSKUNNSKAPSOPPLÆRING
Samfunnskunnskapskurs gis på eit språk deltakaren forstår.
Kurset går 1-2 gonger pr år. Dette er avhengig av kor mange som skal ta kurset.
Som regel går kurset i vinter- og/eller haustferien.

PRØVAR
Tre gonger i året gjennomfører me prøvar:
Vår - mars
Sommar - mai/juni
Vinter - november/desember

GRATIS PRØVE
Deltakarar som har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, får ein prøve gratis. Dette gjeld både norskprøven, munnleg og skriftleg, samfunnskunnskapsprøven og statsborgarprøven.

IKKJE GRATIS PRØVE
Dei som ikkje har rett til gratis opplæring, kan melda seg opp til prøve og betala ei prøveavgift. Merk: Satsane kan bli endra.

Prisar vaksenopplæring
Fag Pris
Norsk munnleg Kr 750,-
Norsk skriftleg Kr 750,-
Delprøve (lesing, lytting eller skriving), pr del Kr 320,-
Samfunnskunnskapsprøve Kr 530,-
Statsborgarprøve Kr 530,-

Informasjon om norskprøven på Kompetanse Norge

Informasjon om samfunnskunnskapsprøven

Etne vaksenopplæring ligg på Enge skule i Etne.
Adressa er Strondavegen 21, 5590 Etne.

Kontaktinformasjon

Leiar vaksenopplæring Marte Bull-Njaa, telefon 53758183, e-post Marte.Bull.Njaa@etne.kommune.no

Eksamen

Eksamensstad