Seksjonering, deling og oppmåling

Skal du frådele ei tomt, må du søkja kommunen om løyve.

Kven kan søkje

Det er eigar av eigedommen som kan søkje om deling av eigedom.

Dersom du signerer søknaden på vegne av eigar, må du legge ved ei fullmakt frå grunneigar. Fullmakta må vera original eller stadfesta rett kopi, sjå informasjon frå Kartverket om fullmakt.

Delesaksinformasjon

Pris

Når du skal dela ein eigedom, må du betala gebyr både for behandling av delingssøknaden og gebyr for oppmålingsarbeidet.

Handsamingstid

  • Ein søknad om frådeling skal normalt avgjerast av kommunen innan 12 veker. Ein søknad om frådeling som ikkje medfører dispensasjon, ikkje har nabomerknader og som elles er i samsvar med plan skal avgjerast av kommunen innan 3 veker.
  • I tillegg kjem den tida det tar å gjennomføra oppmålinga med tinglysing, for tida 8-10 veker.

Saksgang

  • Søknaden blir handsama etter plan- og bygningslovas § 20-1, bokstav m.
  • Når delingsløyve er gitt, blir saka sendt til oppmålingsavdelinga til kommunen for gjennomføring. Nokon gonger er det sett vilkår i delingsløyvet som søkjaren må oppfylla før delinga kan gjennomførast.
  • Oppmålingsavdelinga held oppmålingsforretning. Eigarar av eigedommen og tilstøtande eigedommar får skriftleg varsel seinast 14 dagar før oppmålinga. Her blir eksisterande grenser avklart og nye, godkjende grenser påvist og merka.
  • Etter oppmåling og tinglysning får søkjar tilsendt matrikkelbrev, som er ei fullstendig skildring av eigedommen med koordinatfesta grenser.

Kontaktinformasjon

Knut Erik Ebne
Rådgjevar
E-post
Telefon 53 75 82 34
Kjetil Selland
Rådgjevar
E-post
Telefon 53 75 82 31