Bustønad

Bustønad er ei behovsprøvd statleg støtteordning for dei som har låg inntekt og høge buutgifter. Husbanken og kommunen samarbeider om bustønadsordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som handsamar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar. Her finn du meir informasjon om ordninga.

Kvar er bustønadskontoret i kommunen?

I Etne kommune er det NAV Vindafjord-Etne  som er bustønadskontor. 
Besøksadresse: Rådhusplassen 1
Postadresse: 5580 Ølen

Sjekk om du kan få bustønad

Gå til husbanken sine nettsider.
Her kan du sjå kven som kan få bustønad, kva krav som gjeld for bustaden og kva inntektsgrenser som gjeld. Du kan også prøve bostøttekalkulatoren.

Søk bustønad

Gå til husbanken sine nettsider

Søknadsfristen for bustønad er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Viss du får innvilga bustønad, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din overført til neste månad automatisk.

Meld frå om endringar

Sjå husbanken sine nettsider: 

Du har plikt til å melde frå viss det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt rette opplysninger i vedtaket du får.

Klage på vedtak om bustønad

Gå til husbanken sine nettsider

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du mottok vedtaket.   

Meir informasjon

Du finn mer informasjon om bustønad på husbanken sine nettsider. Du kan også vende deg til NAV Etne og Vindafjord for å få hjelp og rettleiing.

Regelverk

Lov om bustønad

Forskrift om bustønad 

Kontaktinformasjon

NAV Vindafjord-Etne
E-post
Telefon 55 55 33 33

Telefontid: 08:00-15:30

Opningstid: 12.00-14.00

Besøksadresse:
Rådhusplassen 1
5580 Ølen