I området frå båthamna til skateparken ligg anlegg for idrett, kultur og fritidsaktivitet spreidde rundt med Skakke som eit naturleg midtpunkt. Mellom idrettsanlegga har me areal som blir brukt til lager og parkering, gamle bygg som skal utrangerast på sikt og areal som er «daudt» store delar av året.
Me har organisasjonar og eldsjeler som har konkrete planar om nye idrettsanlegg og -bygg, og andre som drøymer om å få til noko. Me har store arrangement som treng ope areal, og det skal etablerast trafikal drop-sone for skuleelevar, - og alle ønskjer å plassera seg i dette området.
Ei arbeidsgruppe med personar frå kommunen og idrett/fritid har «drodla litt» for å sjå korleis me kan utnytta arealet best. Vedlagt finn de skisser med tre tenkte alternativ.
Nå treng me hjelp! Målet er at me i fellesskap gjer Kulturaksen til eit område med fokus på kultur og aktiv fritid, at det blir brukt mykje og at det ser fint ut. Møtet torsdag 16. mars er eit viktig steg på vegen.
Vedlagt kan du sjå kven som har fått invitasjonen på e-post, men møtet er ope for alle! Inga påmelding.
Inviterte deltakarar (PDF, 223 kB)
De kan eventuelt senda innspel på e-post til post@etne.kommune.no merka «Kulturaksen».
Kring Skakke - Alternativ A
Kring Skakke - Alternativ B
Kring Skakke - Alternativ C
Bondelagstomta - Alternativ A
Bondelagstomta - Alternativ B
Bondelagstomta - Alt C