Slik skapar me inkluderande aktivitetar – også for barn med nedsett høyrsel

- Gi kort info før aktiviteten startar – kva skal skje, kvar og når.
Gi informasjonen anten skriftleg direkte til heimen eller munnleg på ein stille stad. - Gi skriftleg informasjon – på f.eks sms eller papir
- Avtal teikn for kommunikasjon – t.d. ved aktivitetsskifte.
- Ha eit nødsignal – dersom det oppstår utfordringar, avtal teikn for å få aktivitøren nærare for dialog.
- Tenk på plassering og lys – slik at barnet kan sjå ansiktet ditt og lesa på leppene
- Kjenn til tekniske hjelpemiddel – og korleis dei blir brukte.
- Bruk hjelpemiddel når nødvendig – Ta ansvaret for kommunikasjonen og bruk utstyret uoppmoda
- Vurder behov for tolk – spesielt ved komplekse aktivitetar.
- Snakk tydeleg og enkelt – korte setningar, unngå for mykje informasjon på ein gong.
- Unngå å gjera barnet «spesielt» – god dialog er nyttig for alle, ikkje berre for den med nedsett høyrsel.
Publisert 22.04.2026 10:09
Sist endret 22.04.2026 10:11