Friluftsområde i Etne kommune

Fjellområde:

Etnefjella
Merka løypenett m/ turisthytter frå Seljestad til Olalia. Fiskevatn, jaktterreng, skiløyper, kulturminne, Langfoss m.m. Mange oppganger frå E-134. Veg til fjells på Skarstøl og Rus. Anleggsvegar fine for sykling. WC på Røde Kors-hytta/Skarstøl. Turistløyper og -hytter vert dreve av Haugesund Turistforening. Meir info på DNT-sidene om Etnefjella (om området, hytter, kart m.m.)

Skåneviksfjella
Fjellområdet mellom Etne og Skånevik. Varierande merking til ulike toppar frå Børkjenesnuten i vest til Dalanuten i aust. Fine turar frå Skånevik til Valdra/Prestafjellet og til Miljasæter, Leknesnibbane, og Veten eller Stødlehetta via postvegen.

Nordsida av Åkrafjorden
Fjellområdet mellom kommunegrensa til Kvinnherad i vest og Odda i aust. Oppgang t.d. frå Eikemo, Mosnes og E-134 frå Rullestad til Berstø. Til dels krevjande område, villmarksprega og ulendt. Turisthytte ved Sauavatn ved Folgefonna, umerka stiar opp. Folgefonna ved Svelgen er enklast å nå frå Blådalen i Kvinnherad. 

Friluftsområde i låglandet:

Olav Vik-Stiftelsen sitt området på Osnes, inkl. badeplassen i Honsvikjo. Natursti herifrå til Borgåsen bygdeborg (rasteplass halvvegs, bratt stigning siste biten).

Taraldsøy på Skånevikstranda. Godt tilrettelagt turmål for båtfarande.

Fiske-/rasteplassar ved Stordalsvatnet. Små og store tilrettelagte plassar på Lurasund, Øvstebøhammaren (v/ E-134) og Lunda. 

Bøkeskogen på Milja i Skånevik. 100 år gamal skog med tilrettelagt natursti.

Postvegen i Rullestad. Restaurert, gamal ferdaveg i fosselandskap mellom Rullestad og Skromme. Avstikkar til særmerkte jettegryter i fjellsida over elva.

Badeplassar:

  • Honsvikjo på Osnes ved Etne
  • Peparholmen i Skånevik sentrum
  • Havn og Hagavik ved Leknestangen i Skånevik
  • Sandvik på Skånevikstranda
  • Sandvik ved Åkrafjordtunet på Teigland
  • Øvstebøhammaren i Stordalen

Friluftsrådet Vest

Det regionale friluftsrådet forvaltar fleire av friluftslivsområda i Etne. Områda er ei blanding av statleg sikra og privateigde naturperler, med ulik storleik, funksjon og tilrettelegging.

I Etne kommune forvaltar Friluftsrådet Vest følgjande friluftslivsområde:

Turforslag

Der ligg mange fine turforslag i Etne kommune på UT.no.