Høylands legat

VEDTEKTER FOR HØYLANDS LEGAT

Oppdaterte av Etne kommunestyre 27. oktober 2026

Høylands legat, oppretta i 1978, var ei gåve til Etne kommune frå Minnie M. Enes (fødd Rygg) og James T. Enes, busette i  California.

§ 1 Formål

Legatet skal nyttast til kunstnarleg utsmykking av kommunale bygg og anlegg i Etne kommune. Dette kan til dømes vere minnesmerke, statuar, biletkunst og annan kunst. Kyrkjer og kyrkjegardar er omfatta av formålet.

§ 2 Legatmidlar

Legatet har ein opphavleg kapital på kr 100 000. Frå og med hausten 2026 kan både avkastning og legatkapital delast ut til formålet.

§ 3 Forvalting og tildeling

Ordførar, varaordførar og leiar av hovudutvalet vedtek tildelingar frå fondet.
Administrasjonen førebur og legg fram saker om tildeling.

§ 4 Avvikling

Legatet blir avvikla når kapitalen er brukt opp i samsvar med formålet.

Det blir delt ut tilskot ein gong i året dersom det er komme inn søknadar. 
Spørsmål kan rettast til Kultureininga.