Legat for førebyggjande tiltak innan psykiatriske tenester

Legatet kan dela ut inntil kr 25 000 pr. år til tiltak for brukarane av psykiatrisk helseteneste, multifunksjonshemma, rusomsorg og andre med behov.

Tiltaka skal ha ein sosial profil, som t.d. turar, arrangement og kurs/samlingar for brukarar og pårørande.

Følgjande alternativ kan søkjast om:

  • Tildeling til einskildpersonar som er busette i Etne og mottek kommunale helse-/pleietenester. Tildeling inntil kr. 4.500.
  • Tildeling til frivillige lag og foreiningar ved tilstelling av arrangement og kurs/samlingar for brukarar og pårørande i Etne kommune med inntil kr. 10.000.
  • Tildeling til Eining Helse- og sosial eller Eining Pleie- og omsorg ved tilstelling av arrangement og/eller kurs/samlingar for brukarar og pårørande i Etne kommune med inntil kr. 10.000.

Meir informasjon om legatet og vedtekter finn du her.

Årleg søknadsfrist er 1. oktober.

Søknad sendast:
Legat for førebyggjande tiltak innan psykiatriske tenester
c/o Etne kommune
Sjoarvegen 2
5590 Etne

eller

post@etne.kommune.no