Kommunalt driftstilskot til lag og organisasjonar

Kommunen gir driftstilskot til mange lokale og interkommunale lag og organisasjonar som driv eller vil starta kulturverksemd i Etne kommune.

For lag/organisasjonar med fleire undergrupper er det berre hovudlaget som kan vera søkjar og få tilskot til den samla verksemda. Interkommunale lag og organisasjonar får tilskot i høve til det medlemstalet dei har i kommunen.

Kven kan søkja?

Driftstilskot blir ytt til aktive lag og organisasjonar med minst 10 medlemmer busette i Etne kommune, og som høyrer til ein av desse kategoriane.

  1. Idretts- og skyttarlag
  2. Musikklag og songkor
  3. Barne- og ungdomslag.

Vilkår for å søkja

  • Eige organisasjonsnummer
  • Må avvikla formelt årsmøte

Søknadsinformasjon

Søknadfrist 1. november

Søknadsskjema

Retningsliner for tildeling og utbetaling

  1. Idretts- og skyttarlag (PDF, 96 kB)
  2. Musikklag og songkor (PDF, 96 kB) 
  3. Barne- og ungdomslag (PDF, 99 kB)