Spelemidlar er overskotet frå dei ulike spela Norsk Tipping er ansvarleg for, til dømes Lotto, Flax, Joker og Keno. Nesten halvparten av overskotet går til idrettsformål, det meste til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg i kommunane.
Meir info om anlegg for idrett og fysisk aktivitet
Meir info om kulturbygg
Kven kan søkja om spelemidlar?
Kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, andelslag, aksjeselskap, stiftingar og liknande organisasjonar med vedtekter som oppfyller vilkåra i spelemiddelordninga.
Kva kan det søkjast om tilskot til?
- Bygging og rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg, kulturbygg og friluftslivsanlegg som er opne for allmenn aktivitet og ikkje underlagt kommersielle interesser.
- Bygging og rehabilitering av kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, bibliotek, museum, kulturvernstiltak, scenekunstlokale, konsertsal, galleri o.l.
Kor mykje kan du søkja om?
For ordinære idrettsanlegg og friluftslivsanlegg er hovudregelen at du kan søkja om tilskot for inntil ein tredjedel av anlegget sin godkjende kostnad inkl. mva. og dugnadsverdi opp til ei maksgrense.
For nærmiljøanlegg (opne utandørsanlegg uorganisert aktivitet), kan du søkja om tilskot for inntil halvparten av godkjend kostnad inkl. mva. og dugnadsverdi, men maks kr 400 000 per anlegg/element.
For kulturarenaer kan du søkja om inntil 1/3 av godkjende kostnader inkl. mva og dugnadsverdi. For søkjarar som har krav på refusjon av mva, skal tilskotsandelen på 1/3 reknast ut frå kostnader utan mva.
Idretts-, frilufts- og nærmiljøanlegg som får spelemidlar, har rett på momskompensasjon når anlegget er ferdig. Kulturarenaer får ikkje momskompensasjon.
Forskot på spelemidlane
I Vestland fylke er det om lag fire års ventetid på utbetaling av spelemidlane til enkelte anlegg. Etne kommune har difor oppretta eit fond for forskottering av spelemidlar til anleggseigarar som har fått godkjent søknad.
Forskottering av spelemidlar (PDF, 109 kB)
Slik søkjer du Spelemidlar
Du søkjer via Anleggsregisteret.no
Kultureininga kan gje råd og rettleiing for utforming av søknaden.
Søknadsfristar
Prosjekt som ønskjer søkja om spelemidlar, må kontakta Kulturkontoret minst 5 månader før søknadsfristen for å få nye tiltak registrerte og eventuelt prioriterte.
- Anlegg til idrett og fysisk aktivitet: Ca. 1. november. (Sjå utlysing i Grannar).
- Kulturbygg og -arenaer: Ca. 1. april.
- Forskot på spelemidlane: 1. september.