Borgarleg vigsel

Kven kan vie?

Frå 1. januar 2018 har ordførar, varaordførar og kommunedirektør i Etne kommune mynde til å vie brurepar.
Ta kontakt med oss for å få vite kor og når det er mogleg å gifte seg.

Dette må de sende inn før vigselen

Før de gifter dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir. Behandlingstida er tre-fire veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.

  

Målgruppe

Alle som ønskjer å inngå borgarleg vigsel

Kriterium/vilkår

Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg.

Sjå under regelverk.

 

Pris for tenesta

Tilbodet er gratis dersom du både bur og vil gifte deg i Etne kommune. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet.

Ønskjer du å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må du rekne med å dekke tilleggskostnader sjølv.

Dersom du ikkje bur i Etne kan det medføre kostnadar. Dette får du vite når du tar kontakt med oss.

 

Regelverk

Ekteskapslova

Forskrift om registrering og melding av vigsel

Forskrift om kommunale vigsler

 

Praktiske opplysningar

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Før de gifter dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir. Behandlingstida er tre-fire veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.

Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.

Etter at de har fått prøvingsattesten heim i posten, kan de ta kontakt med oss for å bestille vigsel. Attesten må ikkje vere eldre enn fire månader ved vigsel.

De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.
Brurepar og vitne/forlovarar må ha gyldig legitimasjon til vigselen. Vi godtar gyldig pass, norske førarkort og bankkort med bilete og personnummer.

Dersom ein av dykk er framandspråkleg, , må de på førehand avtale om seremonien skal skje på norsk eller engelsk.  For andre språk må de sjølv sørgja for kvalifisert tolk.
 

Slik er seremonien

Vi tilbyr eit høveleg lokale i Etne tinghus. Dersom de ønskjer å ha fleire enn 10-15 gjester til stades ved sjølve vigselen, anbefaler vi dykk å bestille eit anna lokale.

Møt opp i god tid før avtalt tid for vigsel. Vi har sett av om lag 15 minutt til kvart par.
Vigslaren les "Det borgarlege vigslingsformularet". Deretter spør vigslaren dykk om de vil ha kvarandre til ektefeller. Til slutt underteiknar de, vitna og vigslaren vigsleprotokollen.

Kommunen sender deretter ei vigselmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter vigslinga, med kopi til dykk. Denne fungerer som vigselattest fram til de får den endelege frå Folkeregisteret.
 

Kunstnarlege innslag

Dersom de ønskjer kunstnarlege innslag under seremonien, til dømes musikk eller diktlesing, må de gi beskjed om dette på førehand. Etne kommune vil vurdere innslaget.

 

Skjema

Vegen til ekteskapet - steg for steg


Søknadsfrist

Ein månad før vigselsdato.

Søknaden sendast til

post@etne.kommune.no

Send ein e-post til oss kor du oppgir:

  • Fullt namn, fødselsdato og adresse til brureparet
  • Prøvingsattest frå Skatteetaten som vider at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Attesten må ikkje vera eldre enn fire månader ved vigsel.
  • Kva for ein dato de ønskjer å gifte dykk
  • Om de ønskjer å halde seremonien i Etne tinghus eller i eige lokale

Kontaktinformasjon

Ansvarlig eining

Avdeling: Servicetorget
Leiar: Ragnhild Underhaug Ness

Kontaktpersonar

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (ordførar)
Telefon: 53 75 80 05
Epost: mette.heidi.bergsvag.ekrheim@etne.kommune.no

Ragnhild Underhaug Ness (Leiar)
Telefon: 53 75 80 00
Epost: ragnhild.underhaug.ness@etne.kommune.no