Kommunal planstrategi for 2024-2028
I samsvar med plan- og bygningslova §10-1 vedtok kommunestyret i Etne kommune 10.12.2024 ein kommunal planstrategi for inneverande valperiode.

Planstrategien legg opp til ei revidering av kommuneplanen sin samfunnsdel, som vart vedteke å starte opp same dag. Det vert ikkje lagt opp til ei revisjon av arealdelen i denne perioden, då denne vart vedteken no i desember.
Ein kommunal planstrategi er eit retningsgjevande dokument for å styra ynskja samfunnsutvikling, og gi politisk prioritering av planoppgåver. Ein planstrategi skal utarbeidast og vedtakast i løpet av det fyrste året til nytt kommunestyre. Den kommunale planstrategien er ikkje ein plan: Utarbeiding av mål, strategiar og tiltak skal gjerast i kommuneplan og i oppfølging av den. Det vil seie i detaljert arealplanlegging, økonomiplanlegging og i temaplanar.
Vedtak av ein kommunal planstrategi er ikkje eit enkeltvedtak som kan klagast på etter forvaltningslova sine reglar.
Sjå dokumenta her