PAUSE - Politiske møte på nett

Grunna oppgradering av Tinghuset er direktesendingane sett på pause

I denne perioden vil det ikkje vera mogleg å følgje møta via Kommune-TV, som vanlegvis strøymer møta direkte. Dette gjeld for møta i Hovudutval, Formannskap og Kommunestyre.

Fram til me flyttar tilbake til Tinghuset, vil dei ulike utvala ha møte i medierommet på biblioteket på Skakke, medan kommunestyremøta vil gå føre seg i kafeen på Skakke.

Dersom du ønskjer å følgje møta medan denne ordninga gjeld, må du møte opp fysisk på dei aktuelle stadene.

Me beklagar eventuelle ulemper dette kan medføra, og takkar for forståinga i denne mellombelse fasen. Kommunen vil koma med oppdatert informasjon når møta igjen kan haldast i Tinghuset og strøyminga vert gjenoppretta.

Sjå møteplan

Opptak av eldre møte ligg tilgjengeleg på www.etne.kommunetv.no i 2 år etter møtedato.

Møta kan fritt leggjast inn i andre nettløysingar og lastast ned.

Vilkår for bruk

  • Ved vidareformidling av direkte video eller opptak frå møta må det informerast om at Etne kommune er rettshavar
  • Det er ikkje tillate å utnytte sendingane eller opptaka kommersielt
  • Opptak av kommunale møte kan ikkje nyttast i reklamesamanheng