Tidlegstemmer er førehandsstemmer som vert mottekne i perioden frå og med 1. juli og fram til og med 8. august. Ordninga gjeld alle velgarar og er meint for dei som ikkje har høve til å stemma innanfor den ordinære førehandsstemmeperioden eller på valdagen.
Kvar og når kan du tidlegstemma?
Du kan gi tidleg førehandsstemme i resepsjonen ved Etne kommune - Servicesenter.
Adresse
Sjoarvegen 20 (tidl. Bunnpris), 5590 Etne
Periode
1. juli til og med 8. august
Opningstid
Måndag til fredag klokka 11.00-14.00
Hugs å ha med legitimasjon!
Den ordinære førehandsstemmeperioden er frå og med 11. august til og med 5. september.
Same kvar i landet du er busett kan du førehandsrøyste i kva for ein kommune du vil.
Kvar og når kan du førehandsstemma?
Førehandsstemminga vil foregå i resepsjonen på Etne kommune - Servicesenter,
Adresse Sjoarvegen 20 (tidl. Bunnpris), 5590 Etne
- Ope måndag til fredag kl 09.00-15.00
Utvida tider for førehandsstemming
Tider kjem
Stortings- og sametingsvalet 2025
Valdagen for Stortings- og sametingsvalet er måndag 08. september 2025.
Same kvar i landet du er busett kan du frå og med måndag 11. august til og med fredag 5. september førehandsstemme både på stortingsvalet og sametingsvalet. Du kan stemme på førehand i kva for ein kommune du vil.
I Etne kommune kan du i denne perioden stemme på Etne kommune – Servicesenter (Sjoarvegen 20), kvardagar mellom kl. 09.00 og 15.00.
I tillegg vert det utvida moglegheit for førehandsstemming her:
Etne kommune – Servicesenter (Sjoarvegen 20)
Laurdag 23. august kl.13.00-15.00
Torsdag 28. august kl.15.00-18.00
Laurdag 30. august kl.13.00-15.00
Måndag 1. september kl.15.00-18.00
Torsdag 4. september kl.15.00-19.00
Åkrafjorden
Onsdag 27. august
Kyrping kro og bensin kl 15 - 16
Åkrafjordtunet kl 17 - 18
Camp Åkrafjorden på Rullestad kl 19 - 20
Skånevik ved Spar
Tysdag 26. august kl.16.00-19.00
Stemming på institusjon
Etne omsorgssenter måndag 27. august kl. 10.00-11.30
Skånevik omsorgssenter tysdag 26. august kl. 14.00-15.00
Ambulerande stemming
Veljarar som ikkje kan stemma i eigna lokaler på grunn av sjukdom eller uførheit, kan etter søknad til valstyret førehandsstemme der dei oppheld seg.
Ta kontakt på telefon 53 75 80 00 dersom det gjeld deg.
Fristen for å søke er kl. 12.00 torsdag 4. september.
Hugs legitimasjon!
Vallokala i Etne kommune har desse opningstidene:
- Skakke SA kl 10.00-20.00
- Skånevik skule kl 10.00-20.00
Du kan stemma i det stemmelokale du vil, men det er ein fordel om du stemmer i den kretsen du høyrer til. Dette med tanke på å forhindra unødvendig kø i det enkelte vallokalet.
For å stemma på valdagen må du stå i manntalet i den kommunen du skal avgi stemme i (vera registrert busett i Etne kommune 30. juni i valåret).
Informasjon om vallokale får du tilsendt digitalt frå Valdirektoratet.
I førehandsstemmeperioden
Velgarar som ikkje kan avgi stemme i eigna lokale på grunn av sjukdom eller uføre, kan etter søknad til valstyret avgi førehandsstemme der dei oppheld seg. Det er ikkje krav om skriftleg søknad, du kan ringa vårt sentralbord og be om å få stemma heimefrå.
Fristen for å søke er torsdag 4. september kl. 12.
Dersom dette gjeld deg ta kontakt på telefon 53 75 80 00.
Dette er krava du må oppfylla for å kunne røysta ved stortingsvalet 2025:
- Norsk statsborgar
- Har fylt 18 år innan utgangen av 2025
- Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busatt i Norge
Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og medlemmer av deira husstand har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet.
Etne kommune har 2 stemmekrinsar. I kvar av desse krinsane er det eit stemmelokale på valdagen:
Hugs legitimasjon!
Sjølve valet går føre seg ved personleg oppmøte i eit røystelokale på valdagen, eller ved å avgi førehandsrøyst. Har du avgitt førehandsrøyst, er det denne som gjeld. Du kan fritt bestemma om du ønskjer å avgi førehandsrøyst eller røysta på valdagen.
Meir informasjon om aktuelle dagar for førehandsrøysting i Etne kommune vert publisert etter kvart.
Har du flytta og folkeregisteret ikkje har mottatt flyttemelding innan 30. juni 2025, står du framleis oppført i kommunen du flytta frå. Du kan då velja å røysta der valdagen eller førehandsrøysta i Etne.
Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn frå det er klart i midten av juli og til og med valdagen, på Etne kommune - Servicesenter (Sjoarvegen 20).
Dersom nokon meiner at ein sjølv eller andre med urette er innført eller ikkje er teken med i manntalet, kan ein krevja at feilen vert retta opp.
Melding om oppdaga feil vert å senda til
Kravet og retting skal vera skriftleg og begrunna.
Valdirektoratet sender informasjon til alle som har stemmerett med folkeregistrert adresse i Norge om at dei har stemmerett og kor dei kan stemme på valdagen. Informasjonen vert sendt ut digitalt.
Har du reservert deg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller ikkje har oppdatert eller bekrefta kontaktinformasjonen din i registeret dei siste 18 månadane, kjem du til å få informasjonen tilsendt på papir.
Valstyret har ansvar for førebuing og gjennomføring av stortingsval og kommunestyre- og fylkestingsval. Dei har også ansvar for godkjenning av listeforslag og kven som blir stemt inn (valoppgjer).
Vil du forstå valet betre? Bli med på valkurs!