Må samarbeide om brannberedskap

Nyopprettinga av Etne brann og redning har dessverre bydd på utfordringar. Men trass misforståingar og usemje den siste tida er me sikre på at alle ynskjer det same, nemleg ein forsvarleg brannberedskap i kommunen. No må me rydde opp og samle oss om vegen vidare. 

Etne kommune oppretta ny brannetat 1. januar 2023. I oppstartsfasen var det stor optimisme, men etterkvart har me hatt nokre utfordringar, som me no arbeider med å rydde opp i. Bakgrunnen for etableringa av Etne brann og redning var å sikre god brannberedskap i kommunen. Kommunen har tatt ein kostnadsauke for å sikre brannberedskapen vår. Me må no bruke den ramma me i dag har best mogleg for å sikre at me får best mogleg beredskap for dei midlane kommunen avsetter til denne tenesten.

Dei bekymringane som er kome fram i saka er noko me tar på alvor, og generelt kan me seie at me tar alle bekymringar på alvor. Me vil arbeide for å ivareta dialogen med alle partar i denne saka. Ein del av støyen knyter seg til den vedtekne brannordninga. Alle brann- og redningsvesen i Noreg skal organiserast, bemannast og utrustast på bakgrunn av ei risiko- og sårbarheitsanalyse, førebyggande analyse og ei beredskapsanalyse, og analysane leggjast fram i ein brannordning.

Etne kommune hyra inn eit konsulentselskap til å bistå oss i dette arbeidet. Analysane i brannordninga lista opp tiltak for å få bringe brann- og redningstenestene i kommunen opp på eit tilfredsstillande nivå. Nokre tiltak var enkle å sette i verk, medan andre var meir omfattande. Kostnadsnivået og implementeringstida på dei omfattande tiltaka avheng nødvendigvis av kva løysingar me finn.

Me tar sjølvkritikk på at kommunen burde vore tettare på i denne prosessen. Då kunne me unngått nokre misforståingar og usemje knytt til korleis brannordninga skal følgjast opp. Me tar òg sjølvkritikk på at saka for raskt vart send til politisk handsaming. No går me i gang med eit etterarbeid der me mellom anna vil setje tidsrammer for implementering av dei ulike tiltaka. Me må ta investeringane gradvis, prioritere og søke samarbeid med nabobrannvern. Framover treng me at alle involverte arbeider godt saman for at Etne skal få det beste brannvesenet me kan få.

Etne er ein liten kommune med eit kommunebudsjett der det blir gjort store og viktige prioriteringar på alle samfunnsområder. Det er mange om ressursane, deriblant helsevesenet, eldreomsorga, skule og utdanningssektoren, slik det òg er i mange andre av landets mindre kommunar. Me meiner det er realistisk å ha eit forsvarleg brannvesen innanfor kostnadsrammer som kommuneøkonomien kan tåle.

Me har nyleg hatt eit konstruktivt møte med brannsjefen der me fekk avklart nokre viktige moment. Vegen vidare no er at kommunen ved brannsjefen skal lage ein oppdatert tiltaksplan innanfor kostnadsrammer gjeve i budsjettet, som deretter skal handsamast i kommunen og leggjast fram for formannskapet på nytt. Det er viktig at me kjem i gang med dette arbeidet så raskt som mogleg.

Me håpar no at me kan jobba betre saman for at dette skal bli så bra som overhodet mogleg, og at innbyggarane i Etne skal føla seg trygge på at brannberedskapen i kommunen er godt ivareteken.

Av kommunedirektør Filippo Ballarin og kommunalsjef Åsmund Sekse