Lærling i Etne kommune

Lærlingordninga i Etne skal tilby læreplassar til å kvalifisera elevar frå vidaregåande skule til eit fag- og svennebrev.

Fire ungdommar som er lærlingar innan helse - Klikk for stort bilde

Vil du bli lærling i Etne kommune?

Dette blir gjort innanfor fag som det til ei kvar tid vil vera behov for i kommunen og som ein kan gi opplæring i.

Etne kommune har lærlingar innanfor helsearbeiderfaget, institusjonskokk, barne- og ungdomsarbeiderfaget, IT-driftsfaget og byggdriftarfaget.

Ledige læreplassar i Etne kommune - søknad

Rettleiing

Kokkelærlingar lagar mat - Klikk for stort bilde

Lærlingen har i hovudsak samme rettar og plikter som dei andre tilsette. Forskjellen er at lærlingane har rett på rettleiing i tråd med læreplanen.

Lærlingen har oppnemnt rettleiar som har det faglege ansvaret for lærlingen. Rettleiar skal rettleie lærlingen i tråd med læreplanen.

Utrekning av læretid og lønn

Hovedregelen er at læretida er totalt to år, og at lærlingen arbeider i 100% stilling, dvs. 37,5 t/v, 7,5 t. kvar vekedag.

Lærlingane får lønn slik i forhold til byrjarlønn som fagarbeidar.

  1. lærehalvår 30% av fagarbeidarlønn
  2. lærehalvår 40% av fagarbeidarlønn
  3. lærehalvår 50% av fagarbeidarlønn
  4. lærehalvår 80% av fagarbeidarlønn

For lærlingar som er i lære i to år gjeld at av dei to åra lærlingen er i kommunen er eit år verdiskaping. Første halvår blir rekna 30%, dvs. 11,25 t/v, som verdiskaping, andre halvår blir rekna 40% (15 t/v), tredje halvår 50% (18,75 t/v), og fjerde halvår 80% (30 t/v). Dette samsvarar med løna lærlingen får i 100% stilling. Stillinga blir ikkje omfatta av tenestepensjonsordninga til arbeidsgjevar.

Læreplanen finn de på Utdanningsdirektoratet

I tillegg handlar kapittel 4 i opplæringslova om lærlingeordningen. Utdrag av opplæringslova finn du her.

Lærling hjelper eldre dame - Klikk for stort bilde

Nyttige lenker

Informasjon om opplæring i bedrift

Informasjon om lærling og lærekandidat

Følge opp lærling i bedrift

Vurdering

Ta fagprøve
Skattekort
Lånekassen