Fellesmøte om prioritering av idrettsanlegg i Etne kommune

Etne Idrettsråd og Etne kommune inviterer til felles møte måndag 22. juni kl. 19.30 i Etne IL sine lokale på Skakke.

To personar jobbar på tennisbanen - Klikk for stort bildeEtne IL, tennisgruppa. Frå ferdigstillinga av dei nye tennisbanane ved Skakkesenteret i fjor. Etne IL har søkt om kr 600 000 i spelemidlar til anlegget.

Etne kommune vedtok i vår Temaplan for Idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Handlingsprogrammet i planen prioriterer kva idretts- og friluftsanlegg som skal byggast i åra framover – både i privat og kommunal regi. Det er ein krav at anlegg må vera omtalt i ein kommunal plan for kunna søkja spelemidlar. Dette handlingsprogrammet skal rullerast kvart år for å få med nye anlegg, og handlingsprogrammet styrer kven som kan søkja spelemidlar og kva år. Nye anlegg eller rehabiliteringsprosjekt som ønskjer plass i handlingsprogrammet er oppmoda om å gi ein kort presentasjon på møtet. Dette blir starten på rulleringa der Idrettsrådet sin uttale skal vega tungt. 

I vedlegget er nye innspel tekne med i raudt, men dei er førebels ikkje prioriterte inn. 
Handlingsprogram for anleggsutbygging 2027-2036 - Prioritering av spelemiddelsøknader.pdf (PDF, 648 kB)
Andre innspel til nybygging eller rehabilitering av idretts- eller friluftsanlegg må meldast til underteikna snarast og seinast 15. juni. 

Dokumentasjonskrav og fristar:

15. juni - Frist for prioritering av anlegg:

  • Anlegget må spelast inn til kommunal plan 
  • Godkjend eigar/søkjar for anlegget
  • Behovsvurdering og driftsplan 
  • Prosjektet må vere fullfinansiert og dokumentert

27. oktober - Søknadsfrist for prioriterte anlegg:

  • Anlegget må vera vedtatt av Årsmøtet i søkjarorganisasjonen 
  • Rett til bruk av grunn (tinglyst avtale)
  • Godkjend byggesøknad
  • Målsette teikningar, plan og snitt


Meir info om spelemiddelordninga: Spelemidlar - Etne kommune
Kontaktperson kulturkonsulent Liv-Kari Bødtker liv.kari.bodtker@etne.kommune.no tlf. 415 49 252.