Høyring av endring etter forenkla prosess for fortau på Silla - PlanID R-4 Silde-Kambe-01

Det er føreslått ei endring av gjeldande planar frå 1973 i område Silde-Kambe for å få på plass ein samanhengande infrastruktur for mjuke trafikantar (fortau).

Kart over vegen mellom Silda og Kambe - Klikk for stort bilde Ortofoto

I samsvar med plan- og bygningslova §12-14 tredje ledd vert forslag til endring kunngjort hjå berørt mynde, samt eigarar og festarar som vert direkte berørt av endringa. Samtidig skal også andre berørte ha anledning til å uttale seg før ein treff vedtak. Forslaget vert i tillegg til oversending til berørte, lagt ut på nettsidene til kommunen. Frist for å sende merknader vert sett 3 veker fram i tid, 13. januar 2025.

Merknader kan sendast til post@etne.kommune.no eller med post til Etne Tinghus, Sjoarvegen 2, 5590 Etne. Forslag til endring skal etter at fristen er ute leggjast fram for hovudutvalet (planutvalet i Etne kommune), som har delegert fullmakt til endeleg godkjenning av endringar etter forenkla prosess. Eit eventuelt vedtak vert kunngjort i lokalavisa Grannar saman med informasjon om klagefrist.

Gjeldande plan og føresegner kan lesast på arealplaner.no eller via kommunekart.com

Planomtale - PlanID R-4 Silde-Kambe-01 Detaljplan for fortau på Silla (540273).pdf (PDF, 2 MB)

R-4 Silde-Kambe-01 Reguleringsplankart 191224 (540274).pdf (PDF, 211 kB)