Høyring – Framlegg til forskrift om vedtekter for skulefritidsordninga (SFO) i Etne kommune

Kommunen ynskjer innspel frå føresette, tilsette, fagforeiningar, organisasjonar og andre interesserte. Frist for høyringssvar er 1. november 2025.

1. Bakgrunn

Etne kommune har utarbeidd framlegg til nye vedtekter for skulefritidsordninga (SFO). Eksisterande vedtekter vart vedtekne i 2021, og er nå reviderte for å samsvara med gjeldande regelverk og lokale behov. Du vil finna eit forslag til nye vedtekter vidare etter forklaringa om saksgangen.

Gratis kjernetid er organisert slik at det er 1 time før skulestart og 1 time og 25 minuttar etter skuleslutt. Skulane startar og sluttar til ulik tid grunna skyssen. Det er eit ynskje frå politikarane våre at administrasjonen ser på konsekvensane ved å ha lik kjernetid i kommunen, på begge skulane. I forslaget som ligg her ute til høyring er gratis kjernetid vist i reduksjon i pris og det vil vera likt for skulane med ein time reduksjon i pris før skulestart og 1 time og 25 minuttar etter skuletid.

I dag har SFO-tilbodet fleire ulike tilbod. Det vil i dette forslaget bli presentert færre tilbod og heimane må finna det tilbodet som passa dei best. Dei ulike tilboda har fått nye namn som kan vera med på å gjera det meir forståeleg. Målet med dei nye vedtektene er å skapa eit meir einskapleg og tydeleg tilbod, slik at både foreldre og elevar veit kva dei kan venta seg, og at ressursane kan nyttast mest mogleg til innhald og kvalitet i SFO. Det er lite bruk av SFO i feriane og elevfrie dagar. Det vil difor vera kjøp av ferieveker og dagar.

Det vil, uavhengig av organisering og tilbod, ikkje vera skyss til og frå SFO, dette er noko føresette må stå for sjølv.

Forslaget byggjer på opplæringslova § 4-5, Rammeplan for SFO og kommunen sine eigne kvalitetsmål for oppvekst.

2. Føremål

Revisjonen har som mål å:

  • tydeleggjera rammer for organisering, innhald og drift av SFO i Etne kommune,
  • sikra samsvar med nasjonale føringar,
  • skapa meir føreseielege ordningar
  • leggja til rette for godt samarbeid mellom heim og skule.

3. Tal som bakgrunn for høyringa og nye vedtekter 

Det har vore ei stor utvikling av talet born på SFO i kommunen. I 2021 var det særs få som nytta SFO i kommunen, medan mange i 1. – 3. trinn nyttar SFO i dag. Dette handlar mykje om at det nå er gratis kjernetid og ein reduksjon i prisen. Det er framleis få på 4. trinn som nyttar SFO. Det er denne hausten 110 elevar som nyttar seg av tilbodet på SFO ved Enge skule og 24 elevar ved Skånevik skule. Dette betyr at dei fleste av elevane våre i 1. -3. trinn nyttar ordninga.

I dag er det to modellar, SFO over 10 eller 11 månadar, med mange ulike under-tilbod. Dei fleste vel gratis kjernetid, men det er også bruk av dei andre tilboda. Alle born i 1. – 3. trinn, uavhengig av tilbod, får eit billigare tilbod då gratis kjernetid blir rekna av i pris.

Som du ser av tabellen under er det mogleg å velja både 10 og 11 månadar. Dette har me ikkje tatt omsyn til i denne tabellen. Tala er henta ut i frå Visma-Flyt systemet vårt. Desse tala kan avvika noko, 4. trinn og eldre elevar med tilbod i SFO er heller ikkje tatt med. Poenget er å visa fordelinga av born på dei ulike tilboda. Oversikt over tilbod og tal elevar ser du her:

Gratis kjernetid
StadGratis kjernetid 1.-3. kl.1.-3. kl. 10/11 mnd SFO1 07.00-skulestart1.-3. kl. 10/11 mnd SFO 2, halv pl 15.30-10 dg/mnd1.-3. kl. 10/11 mnd SFO 3, halv pl 16.30 10 mnd1.-3. kl. 10/11 mnd SFO 4, heil plass 15.301.-3. kl. 10/11 mnd SFO 5, heil plass 16.30Samla
Skånevik70624322
Enge441177111595

Dei fleste av elevane har meldt seg på tilbodet gratis kjernetid. Me har gjort eit sjekk på faktisk bruk då me veit at mange av dei som har meldt at dei vil nytta gratis kjernetid gir beskjed rett før eller same dag at dei ikkje kjem. Intensjon til gratis kjernetid er å sikra at dei som har behov for SFO ikkje må, grunna økonomi, velja det vekk. Det er også ein intensjon å skapa gode læringsstøttande aktivitetar, inkludering og like sjansar for å kunne delta i fellesskapet.

Erfaringane me har med organisering av SFO er at me har ei organisering som gir uro både for dei som organiserer dagane heime og på SFO, dei tilsette og sjølvsagt eleven som ikkje alltid klarer å følgja med. Skulane melder at det er alt for mykje administrasjon og organisering. Det er meirarbeid og ein lite føreseieleg struktur for borna. Skulane får ofte meldingar frå heimane om korrigeringar, også i løpet av skuledagen og dei veit ofte ikkje kor mange born som er på SFO før skuledagen er slutt og SFO startar på ettermiddagen. Dette er uheldig med tanke på bemanning og arbeidsplanane til våre tilsette. Me har difor tatt ein sjekk på kven som nytta tilboda i veke 37 på Enge skule. Dei fleste elevane her har meldt seg på tilbodet gratis kjernetid. Berre 5 elevar nyttar gratis kjernetid både morgon og ettermiddag. Det var også 10 elevar som ikkje var innom i det heile tatt og 12 elevar som var på SFO ein ettermiddag den veka. I følgje skulen var dette ei ordinær veke. Sjå tabell under.

I kva grad nyttar ein tilbodet ein har?
Sjekk veke 37 Enge skuleTal elevar
0 dag morgon og ettermiddag10
5 dagar morgon og ettermiddag5
5 dagar morgon1
5 dagar ettermiddag37
4 dagar morgon15
4 dagar ettermiddag19
3 dagar morgon15
3 dagar ettermiddag12
2 dagar morgon12
2 dagar ettermiddag8
1 dagar morgon12
1 dagar ettermiddag9
0 dagar morgon49
0 dagar ettermiddag20
Av desse elevane er det 7 elevar som har halv plass (10 dagar i mnd)

Dei fleste har sagt at dei vil nytta gratis kjernetid, men som tabellen viser er dette i varierande grad. For å få ei oversikt slik at me kan nytta våre tilsette til det beste for SFO, vil det vera viktig for skulane at heimane vel det tilbodet ein tenkjer ein kan nytta seg av.

4. Hovudinnhald

Dei nye vedtektene regulerer mellom anna:

  • formål, verkeområde og organisering av SFO
  • opptak, opptaksprosess og oppseiingsreglar
  • opphaldstid, tilbod og kjernetid
  • foreldrebetaling, moderasjonsordningar og fakturering
  • innhald, bemanning og tryggleik
  • reglar for leike- og opphaldsareal, samt ordensreglar
  • medverknad frå føresette.

Heile forskrifta følgjer som vedlegg til dette høyringsbrevet.

5. Høyringsprosess

Kommunen ynskjer innspel frå føresette, tilsette, fagforeiningar, organisasjonar og andre interesserte. Høyringa blir sendt ut 3. oktober 2025.

Frist for høyringssvar er 1.november 2025.

Merk at me ynskjer at du uttalar deg om

-          forslaget til nye vedtekter for SFO  

Høyringssvar merkar du med «Høyring SFO» og sender det til:

6. Vidare saksgang

Etter høyringsfristen vil kommunen gå gjennom innspela og justera framlegget ved behov. Endeleg forskrift vil bli lagt fram for kommunestyret til vedtak i desembermøtet 2025.

Treng du sjå gjeldande vedtekter og tilbod er dei å finna på kommunen sine sider under fana skule og SFO.

Me gler oss til å høyra kva du meinar og set pris på at du brukar tid på dette slik at me kan få ei organisering som er føreseieleg for både heim og skule.

På førehand takk for deltaking i høyringa!

Etne kommune

 

________________________________________

 

Vedlegg:

Forslag til
FORSKRIFT OM VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGA (SFO) I ETNE KOMMUNE

Heimel: Fastsett av Etne kommunestyre 9.desember 2025 i Lov om grunnskuleopplæringa og den vidaregåande opplæringa § 4-5 (Opplæringslova).

§ 1    Føremål med forskrifta

Etne kommune skal gje eit tilbod om skulefritidsordning (SFO) ved barneskulane i kommunen før og etter skuletid. Det er Etne kommune som eig og driv skulefritidsordninga.

Etne kommune driv SFO etter gjeldande lovverk, rammeplan for SFO, kommunen sine vedtekter og retningslinjer.

Opplæringslova § 4-5 seier dette om SFO:

Kommunen skal leggje til rette for leik og kultur- og fritidsaktivitetar i skolefritidsordninga. Aktivitetane skal vere tilpassa alderen, funksjonsevna og interessene til barna. I skolefritidsordninga skal barna få omsorg og bli passa godt på, og barn med nedsett funksjonsevne skal få gode utviklingsvilkår.

Tilbodet er for born i 1. – 4. årstrinn og for born med særskilte behov for tilrettelegging i 1. – 7. årstrinn. 

§ 2    Verkeområde

Forskrifta gjeld for dei kommunale fritidsordningane i Etne kommune og vil vera gjeldande frå 1. august 2026.

§ 3    Eigartilhøve

Dei kommunale skulefritidsordningane er ein del av skuleverksemda og er eigde av Etne kommune.

§ 4    Bemanning og leiing

Rektor har det overordna ansvaret for skulen si skulefritidsordning, og SFO skal ha dagleg leiar med relevant fagleg utdanning. Dagleg leiar og personalet skal driva SFO i samsvar med § 4-5 i Opplæringslova og Rammeplanen for SFO. Det er krav om politiattest for dei som jobbar i SFO.

SFO skal ha ei forsvarleg bemanning, og born skal bli ivaretatt med tanke på omsorg, trivsel og tryggleik. Rettleiande gruppestorleik er 15 born per vaksen og bemanninga blir avgjort av rektor etter prinsippet om forsvarleg drift. Når det er få born til stades, kan skulen organisera SFO med éin vaksen. 

§ 5    Kriterium for opptak

Skulefritidsordninga er eit tilbod før og etter skuletid for 1. – 4. trinn og for born med eit særskilt behov til og med 7. trinn. Alle som er påmeldt innan søknadsfristen 1. mars, får plass. Dei som søkjer etter fristen, får plass etter kapasitet på den enkelte skule. Barnet har plass til barnet er ferdig med 4. trinn/7.trinn, eller til passen blir sagt opp i systemet ein brukar ved skulane ( https://skole.visma.com/etne/). Ved flytting til ein annan skule i kommunen vil plassen ved SFO følgja med.

Søknad til ferieveke vil vera 1. juni for hausten og 1. desember for våren. 

§ 6    Opptaksmynde

Rektor har mynde til å fatta vedtak om opptak i ordinær SFO ved sin skule og til SFO på undervisningsfrie dagar. Formannskapet er klageinstans. Klagefrist er tre veker frå det tidspunktet søkjaren får vedtaket.

§ 7    Opptaksperiode

Kommunen har eitt hovudopptak til ordinært SFO-tilbod med søknadsfrist 1. mars. Påmelding,  endring av tilbod eller oppseiing blir gjort via: https://skole.visma.com/etne/. Det kan søkjast om plass etter fristen og gjennom heile skuleåret, men tildeling av plass blir berre aktuelt om det er forsvarleg kapasitet.

Prioritet ved opptak utover hovudopptaket;

  1. Elevar med særskilde behov
  2. Elevar på 1. og 2. trinn
  3. Elevar på 3. og 4. trinn

Alle born som er innmelde i skulefritidsordninga, er påmelde ut 4. trinn om ikkje føresette seier opp plassen tidlegare. 

§ 8    Frist for oppseiing av plass og endring av opphaldstid

Oppseiingstida er to månader rekna i frå den første i påfølgjande månad. Oppseiinga må vera registrert seinast innan utgangen av mai dersom eleven ikkje skal nytta SFO-plassen neste skuleår. Det er ei bindande påmelding til skulefritidsordninga. Sjølv om barnet ikkje har nytta plassen, starta på SFO, må plassen seiast opp om ein ikkje skal nytta plassen.

Viss ein vil auka opphaldstida, gjeld dette som ei påmelding til anna opphald og opptakskriteria gjeld. Ved ledig kapasitet kan skulen avtala å auka opphaldstida med verknad frå same dag.

Ved eit ynskje om å redusera opphaldstida gjeld dette som ei oppseiing av ein del av tilbodet, og reglar for oppseiing gjeld.

§ 9    Opphaldstid

Det vil vera tilbod om SFO i skulevekene. I tillegg vil det vera mogeleg å kjøpa ferieveker før skulestart i august, haustferie, vinterferien og etter skulestart fram til 1. juli og planleggingsdagar når det er tilbod om SFO på planleggingsdagar. Det er bindande påmelding til dagar og ferieveker.

SFO tilbod

Tilbod SFO i skulevekene
1.-3. trinn1Morgon

Kl. 07.00 – skulestart.

Reduksjon i pris grunna 1 time gratis kjernetid pr dag.

1.-3. trinn2Ettermiddag

Til kl. 16.30.

Reduksjon i pris grunna 1 t og 25 minutt gratis kjernetid pr dag.

1.-3. trinn3Halv plass

Kl. 07.00-16.30.

2 dagar ei veke, 3 dagar ei anna veke. Særleg tilrettelegging kan bli gjort. 
Fordeling av dagar skal meldast inn for hausten 1. juni, våren 1. desember. Reduksjon i pris grunna 2 timar og 25 minutt gratis kjernetid pr dag.

1.-3. trinn4Heil plass

Kl. 07.00-16.30.

Reduksjon i pris grunna 2 timar og 25 minutt gratis kjernetid pr dag.

    
4. trinn1MorgonKl. 07.00 – skulestart.
4. trinn2EttermiddagSkuleslutt - kl. 16.30.
4. trinn3Halv plass

Kl. 07.00-16.30.

2 dagar ei veke, 3 dagar neste veke. Fordeling av dagar skal meldast inn for hausten 1. juni, våren 1. desember. Særlege endringar kan skje i løpet av hausten om det må gjerast.

4. trinn4Heil plassKl. 07.00-16.30

 

Tilbod SFO i feriar og planleggingsdagar
1.-4. trinn Planleggings-dagar

Det vil vera mogeleg å kjøpa dag når det er tilbod om SFO på planleggingsdag. Sjå informasjon i skuleruta.

Påmelding for hausten: 1. juni. Påmelding for våren 1. desember.

1.-4. trinn FerievekeDet vil vera mogeleg å kjøpa ferieveker før skulestart i august, haustferien, vinterferien og etter skuleslutt i juni fram til 1. juli. Påmelding for hausten: 1. juni. Påmelding for våren 1. desember.
1.4. trinn Kjøp av dagDet vil vera mogeleg å kjøpa feriedag når det er tilbod om SFO i ferievekene og det er ledig plass med tanke på bemanning.

 

§ 10 Kjernetid på SFO

Kjernetida på SFO er 1 time før skulestart og 1 time og 24 minuttar etter skuletid. Det betyr at dette er eit tilbod som vil bli gitt i skulevekene. I tilboda over blir dette gjort synleg i reduksjon i pris i dei ulike tilboda.

For prisar sjå taksthefte som ein finn her

§ 11  Foreldrebetaling og fakturering

Betalingssatsar: 

Kommunestyret fastset satsar for foreldrebetaling i SFO i den årlege budsjetthandsaminga i desember. Betalingssatsane kan endrast etter vedtak i Kommunestyret med påfølgjande ein månads varslingstid. Gjeldande takstar kjem fram i takstheftet for Etne kommune. Informasjon om gjeldande prisar ligg på kommunen si nettside og på skulane sine heimesider. Ved prisendring går kommunen ut med ekstra informasjon til foreldra. Det vil bli kravd betaling for 10 månadar halv månad i august og halv månad i juni. Faktura for kjøp av ferieveker, dagar og planeleggingsdagar kjem i aktuell månad. Påmelding til ferie SFO er bindande og vil bli fakturert sjølv om den ikkje er brukt.

Redusert foreldrebetaling:

Eit hushald skal ikkje betala meir enn 6% av brutto skattbar inntekt. Dersom betalingssatsen er høgare enn 6% av skattbar inntekt, vil ein ha rett på redusert betaling. Sjå meir informasjon på kommunen sine sider: Skulefritidsordning (SFO) - Etne kommune

Syskenmoderasjon:

Det blir gitt syskenmoderasjon. Moderasjon skal omfatta sysken som bur fast saman. Sysken blir definerte som heil- og halvsysken. Søskenmoderasjon vert også gjeve på tvers av barnehage og SFO. 
Gjeldande moderasjon er:

  • 32% for fyrste sysken.
  • 50% for andre og fleire sysken. 


Misleghald av faktura: 

Det blir sendt ut faktura etterskotsvis kvar månad med betalingsfrist på 2-3 veker. Manglande betaling kan føra til at barnet mister plassen i SFO.

Ikkje fritak p.g.a tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging:

Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging etter Opplæringslova kap.11 blir ikkje lagt til SFO-tida.

Fritak/reduksjon på medisinsk grunnlag: 

Fritak/reduksjon på medisinsk grunnlag: Det kan bli gitt i heilt spesielle høve når barnet har kronisk sjukdom eller omfattande funksjonshemming og lege eller annan faginstans har gitt skriftleg tilråding om at barnet bør gå i SFO. Ei heilskapsvurdering av samla støttetiltak og andre tilhøve blir lagt til grunn når søknaden blir vurdert.

§ 12  Leike- og opphaldsareal

SFO nyttar ulike rom på skulen, både ute og inne. Areala, både ute og inne, skal vera eigna for formålet og vera godkjent etter Forskrift om miljøretta helsevern i skular.

§ 13  Innhald og ordensreglar

SFO-innhaldet skal følgja Etne kommune sin kvalitetsplan for oppvekst, Opplæringslova §4-5 og rammeplan for SFO. SFO-leiar har ansvar for å utarbeida ein lokal årsplan. Årsplanen skal leggjast fram i det fyrste møtet i FAU kvar haust.

Reglane om elevane sitt skulemiljø og reglane for elevane sin tryggleik gjeld også for SFO (Opplæringslova kapittel 12). Kommunen sin plan for eit trygt og godt skulemiljø, og den lokale planen ved den enkelte skule er gjeldande også for SFO.

SFO skal ha eigne ordensreglar med utgangspunkt i dei felles ordensreglane som gjeld for kommunen.

§ 14    Generelt

a.      Måltid

Det blir lagt opp til måltid, og eiga betaling for dette. Føresette betaler sjølvkost som blir fakturert saman med den faste betalinga kvar månad.

b.      Skyss

Skyss til og frå SFO er foreldra sitt ansvar. For born i SFO som er funksjonshemma og mellombels skadde eller sjuke, gjeld Regelverk for skulefritidsordninga, Udir. Barn som har plass i skolefritidsordningen og som på grunn av funksjonshemming eller midlertidig skade eller sykdom har behov for skyss, har rett til skyss til og fra skolefritidsordningen. Retten gjelder uavhengig av avstanden mellom hjemmet og skolefritidsordningen. Retten gjelder ikke i skoleferiene.

c.       Forsikring

Borna er ulukkesforsikra gjennom kommunen si ordning den tida dei er i SFO. 

d.      Medverknad

Foreldra kan gje innspel om SFO ved eigen skule gjennom FAU. Foreldra gjev tilbakemelding på korleis dei opplever SFO-tilbodet gjennom ei årleg undersøking. Undersøkinga blir presentert i Hovudutvalet.

§ 15  Endring av forskrifta

Kommunestyret fastset forskrifta for SFO. Endringar av forskrifta skal gjerast av kommunestyret.

Kommunedirektøren har mynde til å endra forskrifta når dette er som følgje av endringar i lov, avtaleverk eller kommunen sitt årlege budsjettvedtak.

Siste utgåve blir lagt ut på kommunen si heimeside.