Skulefritidsordning (SFO)
SFO er eit tilbod til alle born på 1.-4. årssteg og for born med særskilte behov på 1.-7. årssteg.
Søknadsfrist kvart år er 1. mars.
Hovudaktiviteten er i første rekkje leik ute og inne, lesing, spel, samtalar og spontane aktivitetar.
Ein kan søkja heile året, men kvart år vil det vera ein frist 1. mars med omsyn til eit hovudopptak ved skulestart i august. Born som har fått plass, har plassen til dei går ut av 4. klasse dersom han ikkje vert sagt opp.
Søknad om endra opphaldstid har også søknadsfrist 1. mars.
Frå august 2023 vert det innført 12 timar gratis kjernetid også for 2. klasse. Det vil då gjelda for både 1. og 2. klasse. Dette får ein uavhengig av inntekt. Kjernetida er sett til éin time før skulestart og éin time og 24 minuttar etter skuleslutt. Det er mogeleg å berre velja gratis kjernetid. Ein må også søkja om dette.
Gratis kjernetid gjeld på skuledagar.
SFO ved Enge og Skånevik skular er opne frå 1. august til 30. juni.
Søknadsfristen for hovudopptak er 1. mars.
Evt. nærare opplysningar får du på skulane eller på Tinghuset.
Ein søkjer om plass ved å logga seg på: Visma Skule Flyt via ID-porten.
Evt. endringar eller oppseiing gjer ein også på same nettsida.
Opningstida i SFO er slik (Tidene er tilpassa småskulen si undervisningstid):
Enge skule: Alle dagar kl. : 07.00 – 08.45 og 13.30 – 16.30
Skånevik skule: Alle dagar kl. : 07.00 – 08.15 og 12.50 – 16.30
Det vert gjeve søskenmoderasjon. Moderasjon skal omfatta søsken som bur fast saman. Søsken blir definert som heil- og halvsøsken. Søskenmoderasjon vert også gjeve på tvers av barnehage og SFO.
Me oppmodar føresette som har eitt eller fleire barn i barnehage om å opplysa skulen om det.
Gjeldande moderasjon er:
- 32% for første barn
- 50% for andre og fleire born
SFO er open frå 1. august til 30. juni på alle yrkedagar. SFO er stengt i juli og 5 planleggingsdagar.
Julaftan, nyttårsaftan og onsdag før Skjærtorsdag vil SFO vera open til kl. 1200.
Det vil vera påmelding til dagar utanom skuledagar p.g.a. organisering av SFO-tilbodet.
Ordning over 10 månader med oppstart første skuledag i august og slutt siste skuledag i juni med tilbod berre på skuledagar. SFO er stengt inntil 5 planleggingsdagar.
Det er mogeleg å kjøpa dagar og veker i tillegg.
Det vil vera påmelding til dagar utanom skuledagar p.g.a. organisering av SFO-tilbodet.
På fakturaene vil gratis kjernetid kvar månad bli trekt i frå summane som står i søknadsskjema. Det ein skal betala vil då stemma med summane som står under 1. klasse inkludert gratis kjernetid.
Sist endret 18.09.2023 09:42