Redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga (SFO)

Ingen familiar skal betala meir enn seks prosent av den totale årsinntekta si for ein fulltids SFO-plass. 

Ordninga gjeld for elevar på 1.-4. årssteg

(Forskrift til opplæringslova §§ 1B-1 og 1 B-2)

Pris for ein fulltids SFO-plass er pr. 01.02.2023 kr. 3 215,- for tilbod over 11 mnd og kr. 2 776,- for tilbod over 10 mnd på skuledagar. 
Dersom ditt hushald samla tener mindre enn kr. 589 417,- på tilbod over 11 mnd og 
kr. 462 667,- for tilbod over 10 mnd, har du krav på redusert foreldrebetaling ved fulltidsplass. 

Dersom hushaldet har deltidsplass og prisen på denne utgjer meir enn 6% av hushaldet si totale årsinntekt, vil hushaldet ha rett på redusert betaling også ved deltidsplass.

Følgjande inntektsgrenser gjeld ved dei ulike opphalda:

Redusert foreldrebetaling SFO
11 månader SFO Inntekt 10 månader SFO Inntekt
11 mnd SFO 5 kr. 618 383,- 10 mnd SFO 5 kr. 485 333,-
11 mnd SFO 4 kr. 517 000,- 10 mnd SFO 4 kr. 391 500,-
11 mnd SFO 3 kr. 309 000,- 10 mnd SFO 3 kr. 250 500,-
11 mnd SFO 2 kr. 219 450,- 10 mnd SFO 2 kr. 172 167,-
10 mnd SFO 1 kr. 153 333,- Enge skule
10 mnd SFO 1 kr. 115 000,- Skånevik skule

Søknadsfrist

Søknadsfrist for nytt SFO-år er 31. juli. Alle søknader som er mottekne innan denne fristen, vil gjelda heile SFO-året, altså frå 1. august.

Søknader som kjem inn etter fristen, vert behandla etter kvart som dei kjem inn, og vedtak om redusert foreldrebetaling er gyldig frå den første heile månaden etter at kommunen får søknaden og gjeld for eitt SFO-år.

Slik søkjer du:


Du treng følgjande dokumentasjon:

Før du skal søkja må du finna fram siste års skattemelding (sjølvmeldinga). Denne må du leggja ved søknaden du sender inn. Den er dokumentasjon på at du faktisk har krav på rabatt.
Dersom skattemeldinga ikkje viser den inntekta du har ved søknadstidspunktet, legg ved annan dokumentasjon som viser bruttoinntekt, t.d. lønsslippar, utbetalingar frå NAV m.v. Dette gjeld både om inntekta er lågare eller høgare enn det skattemeldinga viser.

Dersom du har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står i skattemeldinga, skal desse dokumenterast. Dette er m.a. renteinntekter, aksjeutbytte og leigeinntekter. Søknaden vert ikkje behandla før all dokumentasjon er sendt inn.

Dersom du nyleg er komen til Noreg og ikkje har skattemelding, lønsslippar eller vedtak frå Nav, må du leggja ved politiattest på opphaldsløyve.

Søknad med vedlegg sender du via:  Søknadsskjema

Hugs at søknaden må sendast til den kommunen barnet er folkeregistrert.

Treng du hjelp, kan du ta kontakt med skulen eller med resepsjonen på Tinghuset.

Kontaktinformasjon

Nina Larsen Ness
Rektor
E-post
Telefon 53 75 81 82
Mobil 48 86 12 62
Torhild Molland
Rektor
E-post
Telefon 53 75 82 70