HØYRING - Mindre endring av kommuneplanen sin arealdel for Etne kommune

Etne formannskap vedtok i sak 056/25 å leggje framlegg til mindre endring av kommuneplanen sin arealdel ut på avgrensa høyring. Endringane gjeld føresegner for naturfare. Arealdelen for 2023-2030 vart vedteke 10.12.2024. Heimel for endringane er plan- og bygningslova § 11-17.

Dei framlagte endringane gjeld føresegner for naturfare, §§ 2.1, 2.1.1, 2.16, 2.17, 6.2.12 og 8.3. Plankravet som i dag ligg til omsynsonene for naturfare medfører at mange tiltakshavarar må søkje om dispensasjon frå kravet. Endringane vil redusere behovet for dispensasjonar og kunne gi auka friskmelding utan bruk av fagkunnige. Meir informasjon i vedlagte møtebok frå formannskapet (PDF, 96 kB) 19.11.25. I vedlegg med justerte føresegner (PDF, 829 kB) er ny tekst skrevet med raudt, med overstryking på tekst som går ut.

Der har vore dialog med NVE og Statsforvaltaren i Vestland om framlegget. Begge er også høyringsinstansar.
Alternative utkast til mindre endringar ligg ikkje føre.

Har du merknadar til framlegget kan dei sendast til:
Etne kommune
Sjoarvegen 20
5590 Etne
eller på e-post: post@etne.kommune.no

Høyringsfrist er 18.12.25.

Ev. spørsmål i saka kan rettast til seniorrådgjevar Erik Kvalheim, tlf. 53 75 80 00.