AdobeStock
Høyringa er open og det er sendt høyringsbrev til innbyggjarane i Fjæra skulekrins. Ullensvang kommune har eiga høyring. Frist for å gje uttale er sett til 28.10.2026
Forskrifta skal erstatta gjeldande forskrift « Forskrift om interkommunal skulekrins for Skare skulekrins i Odda kommune og Fjæra skulekrins i Etne kommune, Odda og Etne kommunar, Hordaland», datert 09.10.2013 og «Forskrift om interkommunal skulekrins for Odda ungdomsskulekrins og Fjæra skulekrins, Odda og Etne kommunar, datert 01.08.2017.
Bakgrunn
Etne kommune og Ullensvang kommune har i dag «Forskrift om interkommunal skulekrins for Skare skulekrins i Odda kommune og Fjæra skulekrins i Etne kommune, Odda og Etne kommunar, Hordaland» og «Forskrift om interkommunal skulekrins for Odda ungdomsskulekrins og Fjæra skulekrins, Odda og Etne kommunar, Hordaland. Begge desse forskriftene viser til den gamle opplæringslova og til gammalt kommunenamn for ein av kommunane. Odda kommune eksisterer ikkje lengre, nytt kommunenamn er Ullensvang kommune. Føremålet med ny forskrift er å oppdatera forskriftene slik at dei viser til gjeldande opplæringslov, rett kommunenamn og å samla dei to forskriftene i ei forskrift.
Det er behov for å vedta ny forskrift av fleire grunnar:
- Det er kome ny opplæringslov sidan gjeldande forskrifter vart vedtekne. Ny lov tredde i kraft 1. august 2024.
- Me har ei forskrift som gjeld Fjæra skulekrins og Skare skulekrins og ei forskrift som gjeld Fjæra skulekrins og Odda ungdomsskule. Dei to forskriftene vart laga etter kvart som dei ulike behova vart gjeldande.
- Odda kommune eksisterer ikkje lengre, nytt kommunenamn er Ullensvang kommune.
Forslaget er elles meint som ei vidareføring av gjeldande ordning. Det er ikkje foreslått endring i kva elevar som er omfatta, eller kva skule elevane skal gå på.
Føremål
Føremålet med forskrifta er å vidareføra felles interkommunal skulekrins for Skare-Fjæra skulekrins og felles interkommunal skulekrins for Odda-Fjæra ungdomsskulekrins med henvising til gjeldande opplæringslov og med rett kommunenamn.
Rettsleg grunnlag og offentleg ettersyn
Etter opplæringslova § 2-6 har elevane rett til å gå på ein skule i nærmiljøet, og kommunen kan gje forskrift om skulekrinsar. Ved fastsetjing av forskrift om skulekrinsar skal kommunen særleg leggja vekt på kva skule som ligg nærast heimen, men kan òg ta omsyn til topografi, trafikktilhøve, kapasiteten på skulane og at barn i same nabolag skal gå på same skule.
Tidlegare opplæringslov hadde ei særskild føresegn om at to eller fleire kommunar kunne avtala at område i ein kommune sokna til ein skule i nabokommunen, at kommunane måtte gje likelydande forskrift og oppretta skriftleg samarbeidsavtale.
Forvaltingslova § 37 krev at saka skal vera så godt opplyst som mogeleg før forskrifta vert vedteken, og at forskrifta som hovudregel skal sendast på høyring før vedtak ver fatta.
Økonomiske konsekvensar
Når elevar får grunnskuleopplæring utanfor bustadkommunen, seier opplæringsforskrifta §21-2 at bustadkommunen skal betala dersom bustadkommunen har avtale med vertskommunen; dette er den sentrale regelen for oppgjeret mellom kommunar ved ei slik ordning.
Etne kommune nyttar sats for gjesteelevar.
Eventuelle spørsmål om skuleskyss og kostnadsdeling må vurderast etter gjeldande reglar og eksisterande samarbeidsavtale mellom kommunane. Etter opplæringslova § 28-7 skal kommunen dekkja utgifter som svarer til persontakst for einskildreise på strekninga når fylkeskommunen sørgjer for skyss for elevar i grunnskulen.
Ullensvang kommune og Etne kommune vil inngå felles avtale som avklarar økonomiske forhold knytt til ordninga.
Forslag til ny forskrift
Forskrift om interkommunal skulekrins for
Skare og Odda skulekrins i Ullensvang kommune og Fjæra skulekrins i Etne kommune.
Heimel: Fastsett av kommunestyre i Etne kommune [dato] og kommunestyre i Ullensvang kommune [dato] med heimel i lov 9. juni 2023 nr. 30 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 2-6, samt opplæringslova § 28-1 og § 17-12 første ledd. Ein viser også til Prop. 57 /2022-2023).
§ 1. Formål og verkeområde
Ullensvang kommune og Etne kommune har som mål å vidareføra felles interkommunal skulekrins for Skare skulekrins; for ettertida nemnt som Skare-Fjæra skulekrins og felles interkommunal skulekrins for Odda ungdomsskule og Fjæra skulekrins; for ettertida nemnt som Odda-Fjæra ungdomsskulekrins.
Den interkommunale skulekrins Skare-Fjæra vil gjelda for Skare skule. Den interkommunale skulekrinsen Odda- Fjæra vil gjelda for Odda ungdomsskule.
§ 2. Plikter og rettar
Elevar på 1.-7. årssteg frå Skare skulekrins og Fjæra skulekrins høyrer til Skare-Fjæra skulekrins og får tilbod om skulegang ved Skare skule i Ullensvang kommune. Skare skule vert med dette nærskule for desse elevane, jf. opplæringslova § 2-6. Elevar frå Skare skulekrins og Fjæra skulekrins får oppfylt retten sin til grunnskuleopplæring etter opplæringslova § 2-1 og § 2-2. ved Skare skule.
Elevar på 8.-10. årssteg frå Odda ungdomsskulekrins og Fjæra skulekrins høyrer til Odda-Fjæra skulekrins og får tilbod om skulegang ved Odda ungdomsskule i Ullensvang kommune. Odda ungdomsskule vert med dette nærskule for desse elevane, jf. opplæringslova § 2-6. Elevar frå Odda ungdomsskulekrins og Fjæra skulekrins får oppfylt retten sin til grunnskuleopplæring etter opplæringslova § 2-1 og § 2-2, ved Odda ungdomsskule.
Søknad om skuleplass ved annan skule i kommunen skal handsamast av den einskilde kommune i tråd med kommunale retningslinjer som dette.
§ 3. Samarbeidsavtale
Det må utarbeidast samarbeidsavtale mellom Ullensvang og Etne kommunar. Den skal innehalda fråsegn om økonomiske forhold, inkludert avgjerd om kor lenge avtalen skal vara og konsekvensar ved opphøyr. Avtalen må regulera praktiske løysingar knytt til:
- skuleskyss
- SFO
- kulturskule
- leksehjelp
- sakshandsaming
- individuelt tilrettelagd opplæring (ITO)
- økonomisk kompensasjon til Ullensvang kommune, for å gje elevane frå Etne kommune eit fagleg godt og forsvarleg tilbod i samsvar med opplæringslova med tilhøyrande forskrift og avgjerder
Kommunen der elevane er folkeregistrert vil framleis ha overordna ansvar for plikta til å tilby grunnskuleopplæring i tråd med opplæringslova, til sine innbyggjarar.
§ 4. Iverksetjing
Forskrifta trer i kraft 01.01.2027. « Forskrift om interkommunal skulekrins for Skare skulekrins i Odda kommune og Fjæra skulekrins i Etne kommune, Odda og Etne kommunar, Hordaland», datert 09.10.2013 og «Forskrift om interkommunal skulekrins for Odda ungdomsskulekrins og Fjæra skulekrins, Odda og Etne kommunar», datert 01.08.2017, er oppheva frå same dato.
Innspel til høyring
Forslag til forskrift er lagt ut til offentleg ettersyn i høyringsperioden.
Utkast til forskrift:
Dokumenta kan også gjerast tilgjengelege ved førespurnad til kommunen.
Kommunen ber om innspel frå alle som saka vedkjem.
Innspel kan sendast til:
E-post: post@etne.kommune.no
Postadresse:
Etne kommune
Sjoarvegen 2
5590 Etne
Høyringsfrist og vidare prosess
Høyringsfrist er sett til 28. oktober 2026.
Høyringsuttalar er offentleg etter offentleglova og vil verta publisert på Etne kommune si postliste.
Etter høyringsfristen er ute, vil kommunen gå gjennom innspela som er komne inn. Saka vert deretter lagt fram for politisk handsaming med forslag til endeleg forskrift.
Det vert lagt opp til at kommunestyret handsamar forskrifta i møte 8. desember 2026.
Med helsing
| Mona Rasmussen Sævik | Gerd Toril Lindevik Arnestad |
| kommunalsjef oppvekst og kultur | rådgjevar oppvekst |