AdobeStock
Det vert nye SFO-opphald frå august 2026. Dei nye opphalda vart behandla i kommunestyre 09.12.2025, K-sak 067/25.
Ein søkjer om plass ved å logga seg inn på: Visma Flyt Skule via ID-porten.
Prisar, vedtekter og meir informasjon finn ein her.
Skuleskyss:
Rett til fri skuleskyss i Etne kommune har elevar som har lengre veg mellom heimen og skulen enn det som er vist under:
1. klasse: 2 km
2. klasse: 3 km
3.-10. klasse 4 km
Elevar i 1. klasse kan gå inntil 1 km. fram til busstopp. Elevar i 2.-10. klasse kan gå inntil 2 km fram til busstopp.
Ved lenger avstand enn dette, har ein rett på sidevegsskyss.
Kriteriegrensene blir behandla som absolutte. Det er elektroniske kart ved samferdselsavdelinga i Vestland Fylke som bestemmer veglengda mellom heim og skule.
Følgjande vegstrekningar blir klassifiserte som «farleg skuleveg» og løyser ut fri skuleskyss for nemnde klassesteg i nemnde periodar:
Elevar som innanfor skyssgrensene kan nytta alternativ veg enten over Kambe eller privat veg frå Sørheimsvegen til prestegarden, skal nytta desse.
Elevar som bur langs trafikkfarleg veg og som kan nytta alternativ veg, skal nytta denne så sant han ikkje er lengre enn skyssgrensene.
Etne kommune har ikkje fritt skuleval. Opplæringslova §8-1 opnar likevel om at ein elev etter søknad kan takast inn på annan skule enn den eleven soknar til (nærskule).
Dersom søknad om skulebyte vert innvilga, vil føresette måtta betala meirkostnad med skuleskyss
Dersom eleven har skyss til nærskulen, må føresette dekkja meirkostnaden byte av skule fører med seg dersom bytet ikkje er grunna i retten til opplæring i retten til opplæring
SFO og skuleskyss
- Elevar som har SFO, har ikkje rett til skuleskyss. SKYSS dimensjonerer skuleskyssen ut frå kor mange elevar som ikkje har SFO.
- Elevar som har halv plass får skuleskyss dei dagane dei ikkje har SFO-tilbod.
- Dersom SFO-plassen ikkje skal nyttast kvar dag i veka, må skulen innan 20. februar få melding om kva dagar dette gjeld. Eleven vil då få skyss desse dagane.
- Elevar som berre har morgon-SFO, har rett til skyss heim frå skulen etter 5. timen.
- Elevar som har ettermiddags-SFO, har rett på skyss til skulen.
- Skyss for elevar i 1.-4. klasse gjeld etter skuleslutt etter 5. timen.
- Skuleskyssen etter 6. timen er berre for 5.-10. klasse då SKYSS har dimensjonert skyssen ut frå elevtalet i 5.-10. klasse.