Kommunalt driftstilskot og Spelemidlar

Pengesetlar - Klikk for stort bilde

Søknadsfrist til begge tilskota er 1. november.

Driftstilskot til lag og organisasjonar

Lag og organisasjonar med minst 10 medlemmer i Etne kommune, og som driv med idrett og skyting, musikk og song, barne og ungdomsarbeid kan søkja.
Retningslinene er under revidering, men årets tildeling skjer etter dei gamle retningslinene. Årsmelding og revidert/signert årsrekneskap for 2022 skal leggjast ved, likeins protokoll frå årsmøtet avvikla i 2023.

Frist for søknad med vedlegg 1. november.

Les meir: https://www.etne.kommune.no/kultur-og-fritid/tilskotsordningar/kommunalt-driftstilskot-til-lag-og-organisasjonar/

 

Spelemidlar til fysisk aktivitet

Det er ikkje berre reine idrettsanlegg som kan få spelemiddel(tippemiddel)-tilskot. Spelemidlar kan søkjast til svært mange anlegg innan idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet inkludert mindre nærmiljøanlegg som ballplassar, aktivitetsløyper m.m.

Organisasjonar som planlegg å finansiera eit anlegg med spelemidlar, må snarast kontakta Kulturkontoret for å få tiltaket vurdert, registrert og prioritert for å kunna søkja spelemidlar i år eller seinare.

Frist for søknad med vedlegg 1. november.

Les meir på https://www.etne.kommune.no/kultur-og-fritid/tilskotsordningar/spelemidlar/ og ta gjerne kontakt for avklaringar viss de lurer på om de har planar som er «innafor».

 

Kulturkontoret v/ Liv-Kari Bødtker, tlf 53 75 81 28, liv.kari.bodtker@etne.kommune.no