Kultur- og frivilligprisen 2022

Veit du om nokon som fortener ei påskjønning for innsatsen sin i frivillig arbeid og/eller kulturlivet? I fjor fekk Solveig Sørheim Etne kommune sin pris. Bli med og foreslå kandidatar til prisen i Frivilligåret 2022.

Solveig Sørheim - Klikk for stort bildeSolveig Sørheim blei tildelt Kultur- og frivilligprisen for 2021 for arbeidet med å ta vare på og formidla folkemusikk frå Etne. Svein-Erik Larsen, Grannar

  

 

Kommunen vår er rik på eldsjeler og aktive organisasjonar som gjer ein prisverdig og imponerande innsats til glede for fellesskapet. Me har også enkeltpersonar og grupper som set Etne på kartet gjennom si rolle i kulturlivet. Kommunen deler kvart år ut Kultur- og frivilligprisen for å gi ein synleg heider og ei symbolsk påskjønning til slike personar og organisasjonar.

Nå er tida inne for å føreslå kandidatar til prisen for 2022. Denne skal delast ut på eit større arrangement for frivillige i november/desember i samband med Frivilligåret. Fristen for å melda inn kandidatar er 15. oktober.

I statuttane for kven som kan få prisen står føljande:
«Prisen kan utdelast til personar, lag eller organisasjonar som har gjort ein aktiv innsats for å styrke kulturlivet og/eller frivillig arbeid innan kommunen, eller som har bidrege til å gjere Etne kommune kjend utover landet på det kulturelle plan». Driftsutvalet avgjer kven av dei føreslegne kandidatane som får prisen på novembermøtet. Grunngjevinga må vera kort og sakleg med faktaopplysningar som er kvalitetssikra slik at utvalet kan gjera vedtak på rett og rettferdig grunnlag.

Meir informasjon, statuttar og skjema for å føreslå kandidat