Kunngjering av planvedtak – Endring etter forenkla prosess for Ivelandstomta

Hovudutvalet har i sak 20/25 i møte 26.03.2025 vedtatt endring etter forenkla prosess for Ivelandstomta, gnr./bnr. 10/22 og 10/38, planid R43_02, slik den ligg føre, jf. plan- og bygningslova § 12-14.

Krysset ved Ivelandstomta - Klikk for stort bilde

Planendringa gjeld ei endring i gjeldande føresegner. Det vert tilført eit punkt 8 under §5 Område for blanda føremål, forretning, kontor og bustader.

8. For eigedomane gnr/bnr 10/22 og 10/38 vert det ikkje sett krav til takform.

Plankartet føreligg uendra.

Vedtaket kan påklagast innan 3 – tre veker, rekna frå denne kunngjeringa, jf. forvaltningslova kap. VI og plan- og bygningslova § 1-9. Eventuell klage skal leverast skriftleg til Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne, eller på e-post til: post@etne.kommune.no

Frist for å kome med klage er: 01.05.2025

Link til saka og plandokument: Møteoversikt - Etne kommune