Kunngjering av vedtak

Mindre endring av føresegner i arealdelen til kommuneplanen for Etne kommune.

Dekorativt - Klikk for stort bilde

Etne kommunestyre gjorde 24.02.26 følgjande vedtak i sak 007/26: Med heimel i plan- og bygningslova § 11-17 blir mindre endring av føresegner i arealdelen til kommuneplanen for Etne kommune vedteke slik ho ligg føre. 

Endringane kjem fram med raud tekst i denne fila (PDF, 2 MB), og dei gjeld føresegnene §§ 2.1, 2.1.1, 6.3.12 og 8.3. Tidlegare § 2.16 er gått ut.
Møtebok og saksdokument frå 2. gangshandsaminga ligg på linken: Møteoversikt - Etne kommune

Vedtaket er eit planvedtak av generell karakter om føresegner for naturfare. Det er såleis ikkje eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Jf. plan- og bygningslova § 1-9 ligg der då ikkje føre klageadgang. Berørte statlege organ (Statsforvaltaren i Vestland og NVE) er høyrde i saka, og elles kom der ikkje inn merknadar i den offentlege høyringa.