Nyskapande aktivitetsanlegg i fokus då Etne kommune presenterte Skakkeringen i Bergen

Etne kommune fekk mykje merksemd då Liv-Kari Bødtker og Eileen P. Selland deltok på oppsummeringa av Friluftslivets år 2025 og dialogkonferansen for idrett og fysisk aktivitet i Bergen. 

Liv-Kari og Eileen informerer på scenen - Klikk for stort bilde

Liv-Kari Bødtker som er det fyrste ansiktet du som frivillig i lag og organisasjonar møter i Etne kommune, var onsdag og torsdag førre veke i Bergen saman med leiar for Utvikling, Eileen P. Selland. Her deltok dei på oppsummering av friluftslivets år 2025, kombinert med dialogkonferansen for idrett og fysisk aktivitet. Etne kommune var denne gongen invitert til å halde to innlegg desse dagane. Fyrste innlegg var ei digital synfaring av Skakkeringen inkludert info om opptakta til prosjektet, økonomi og spelemiddelordninga.

Takk! Takke vere filmmateriell frå Etnemarknaden, Etnecup og Enge skule laga Omega 365 Design ein flott snutt som me fekk visa fram. Ikkje minst med foto frå sommarstudenten på Utvikling i år, Kinga Katrine Blaszkiewicz, og foto frå Hanna K. Litlehamar. Med desse mottok Etne kommune mykje skryt for både anlegg og presentasjon. 

Den andre presentasjonen var meir planretta, der leiar Utvikling fortalte om korleis medverknadsprosessane vart gjennomført for dei to prosjekta våre som har vore med i fylkeskommunen sitt konsept Nyskapande aktivitetsanlegg heile to gonger: Skakkeringen og Sjøparken. Desse to vart samla med døme frå andre prosessar i Etne kommune, og ikkje minst kor viktig det overordna styringsdokumentet vårt er; kommuneplanen sin samfunnsdel.

Også i denne samanhengen vart særleg éin faktor trekt fram: Samarbeid! Samarbeid på tvers av nivå og sektorar, og ikkje minst: Samarbeid med frivilligheita.