Rapport frå ryddearbeidet av Etnevassdraget er klar

Havforskingsinstituttet (HI) har i perioden frå mai til november rydda i Etnevassdraget, og no ligg rapporten klar.

Avfall frå ein villfylling - Klikk for stort bildeSamla avfall fra ei villfylling som vart delvis rydda, kjelde: Figur 7 i «Rapport fra havforskningen 2023-65», Kaja Christine Andersen og Alison Harvey (HI).

Totalt vart ca. 660 kg avfall fjerna frå vassdraget og levert til godkjent mottak i Etne. Av dette var ca. 200 kg plastavfall, ca. 160 kg restavfall og ca. 300 kg glas og metall.
Det vart funne mindre spreidd søppel enn forventa, og lite emballasje frå mat og godteri. Havforskingsinstituttet skriv i sin rapport at det meste av avfallet stammar frå gamle fyllingar (villfyllingar), lokalisert i konsentrerte område.

Nokre av erfaringane HI gjorde seg var at Etneelva ber preg av at ein tidlegare har nytta elvekanten som dumpingplass. HI opplevde også at nokre av desse framleis ber preg av bruk. Alle desse villfyllingane er registrerte i RentHav kartløysinga, og gir grunnlag for vidare satsing på opprydding langs elva.

Etne kommune vil takke både lokalbefolkninga og andre som gjennom oppryddingsperioden har vist velvilje mot HI som har utført ryddearbeida.

Heile rapporten kan du lese her 

Link til artikkelen ved igongsetting av prosjektet