Spelemidlar til idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Det er ikkje berre idrettsanlegg som kan få tildelt spelemidlar. Mange ulike typar anlegg innan idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet inkludert mindre nærmiljøanlegg som ballplassar, aktivitetsløyper m.m. kan også få spelemiddeltilskot.

Organisasjonar som planlegg å byggja eller rehabilitera anlegg må snarast kontakta Kulturkontoret for å få tiltaket registrert for å kunna søkja spelemidlar i år eller seinare. Planar og behov som gjeld idrettsanlegg skal presenterast, vurderast og prioriterast på fellesmøte med Etne Idrettsråd 4. september. Organisasjonane bak anlegg som får søkja tilskot inneverande år, vil få rettleiing og rådgjeving frå Kulturkontoret.

Frist for å melda frå til Kulturkontoret: 28. august.
Frist for levering av elektronisk søknad via anleggsregisteret.no: 31. oktober.

Les meir på https://www.etne.kommune.no/kultur-og-fritid/tilskotsordningar/spelemidlar/ og ta gjerne kontakt for avklaringar viss de lurer på om de har planar som er «innafor».
Meir info om spelemiddelordninga og ulike anleggsklassar: https://www.anleggsregisteret.no/anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet/vanlige-sporsmal/

Foto lånt frå Fb-sida til Sjøkanten Trivsel.

Kulturkontoret v/ Liv-Kari Bødtker, tlf 415 49 252, liv.kari.bodtker@etne.kommune.no