Søknad om fritak for feiing og tilsyn

Feiarvesenet skal føre register over skorsteinar og eldstader. Fritak for feiing gjeld for pipeløp som ikkje er i bruk. Alle eldstader må vere fråkopla. Dersom pipeløpet blir tatt i bruk igjen, pliktar eigar å melde frå til feiarvesenet. 

Grunnlag for fritak er at fyringsanlegget er tilfredsstillande sikra mot bruk ved å fysisk skilje den varmeproduserande eininga (eldstaden) frå røykkanalen (skorsteinen). Det gis fritak dersom:

  • Bygget ikkje har røykkanal.
  • Det ikkje er eldstad tilknytt røykkanal.

Midlertidig bruk som fritidseigedom, oppussing eller sal, gir ikkje grunnlag for fritak.

Dersom fyringsanlegget blir tatt i bruk etter fritak, er det eigars plikt å melde frå til brannvesenet. Brannvesenet kan føre tilsyn med at fyringsanlegget ikkje er i bruk.

Fritak gjeld frå den dato søknaden blir innvilga. Om feiing og eller tilsyn for inneverande år allereie er utført, gjeld fritaket først frå neste år.

Kontaktinformasjon

Astrid Vestbø
Leiar beredskap og forebyggande
E-post
Mobil 97 01 41 65