Kvalitetssikring av barnet si allsidige utvikling

For barnehage og PPT 2022-2026

Illustrasjon - Klikk for stort bilde

Som del av Haugalandsløftet vart rutinane utarbeidd, på bestilling av kommunedirektør i Etne og Vindafjord.
Dei vart gjort gjeldande frå 01.08.2017, og revidert ved innføring av «Stafettloggen» 01.08.2020. 

Rutinar har hatt gjennomgang juni 2022 og gjeld for perioden 2022-2026.

Planen er godkjent og vedteken av kommunalsjefane i Etne og Vindafjord august 2022.  
 

Innhald i «Plan for kvalitetssikring av barnet si allsidige utvikling»


INNLEIING


Fase 1: Ordinær barnehage- bekymringsfasen

    1.1 Fanga opp- fylgja opp 
    1.2 Samarbeid mellom barnehage, andre instansar og foreldre
    1.3 Dokumentasjon og vurdering i barnehagen
    1.4 Barnehagen sitt kartleggingsarbeid og fasar i «Samhandlingshjulet»

Fase 2: Tilvising til PP-tenesta

    2.1 Tilvising til PPT
    2.2 Inntakssamtale
    2.3 Utgreiingsplan 
    2.4 Plan for rettleiing og vidare arbeid

Fase 3: Sakkunnig vurdering av barnet sitt behov 

    3.1 Element i den sakkunnige vurderinga
    3.2 Kva den sakkunnige vurderinga skal ta stilling til

Fase 4: Vedtaksfasen
 

Fase 5: Planlegging og gjennomføring

    5.1 Individuell utviklingsplan- IU-plan
    5.2 Stoppunkt og undervegsvurdering av spesialpedagogisk hjelp

Fase 6: Evaluering og vegen vidare

ABC illustrasjon - Klikk for stort bilde

    6.1. Årsrapport
    6.2 Behov for vidare einskildvedtak om spesialpedagogisk hjelp
    6.3 Gjenteken tilvising til PPT

Vedlegg

 

 

INNLEIING

Det er Barnehagelova som dannar grunnlag for barnehagar si drift. Barnehagelova §§1 og 2 omhandlar føremål og innhald, §§4 og 5 born og foreldre sin medverknad og §31 barn sin rett til spesialpedagogisk hjelp. Barnehagen skal vera tilgjengeleg og føremålet gjeld alle born. Respekt for ulikskap er ein del av barnehagen sitt verdigrunnlag. Kommunen og barnehagane har plikt til å leggja til rette for alle born skal verta inkluderte og kunna ta del i barnehagekvardagen. Visjon og verdiar er nedfelte i planverk i begge kommunane og dannar grunnlag for alt arbeid med born og unge. Born under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har særlege behov for det. Dette gjeld uavhengig om dei går i barnehage eller ikkje. 

Retten til spesialpedagogisk hjelp er en individuell rett. Born som ikkje har begynt på skulen, og som oppfyller vilkåret i barnehagelova §31, har rett til slik hjelp. Eit barn kan ha behov for spesialpedagogisk hjelp frå fødsel. Den øvre grensa for spesialpedagogisk hjelp er når barnet har nådd opplæringspliktig alder. Den opplæringspliktige alderen skjer vanlegvis det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom barnet har fått utsett skulestart, har barnet rett til spesialpedagogisk hjelp fram til barnet begynner på skulen. Retten til spesialpedagogisk hjelp gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage eller ikkje. Foreldre, helsestasjon eller andre kan også tilvisa til PPT. Born i asylmottak har rett til spesialpedagogisk hjelp når det er sannsynleg at dei skal vera i Noreg i meir enn tre månader. Dei aller fleste born går i barnehage og i den vidare teksten vil me fleire stader ta utgangspunkt i spesialpedagogisk hjelp til barn som går i barnehage. 

Barnehage og skule i Etne

Visjon «Alle born og unge i Etne skal nå sitt høgste potensiale»

Plattform 
Skular, barnehagar og SFO i Etne skal:

  • ha born med god fysisk, psykisk og sosial helse.
  • la alle born  oppleva meistring, medverknad og aksept for at me er ulike og arbeider ulikt
  • skapa eit inkluderande miljø utan krenkjande handlingar og utestenging 
  • ha tverrfagleg samarbeid  for å følgja opp familiar, born og unge som treng ekstra oppfølging. BTI-stafettlogen
  • Ha eit forpliktande samarbeid med heimen om barnet si utvikling
  • vera prega av skapande aktivitetar og kulturelt mangfald
  • sikra gode  overgangar frå barnehage, SFO og skule
  • kjenneteiknast ved at born har god sjølvkjensle, er aktive og deltakande, får vener og har evne til å vera ein ven for andre. 
Illustrasjon - Klikk for stort bilde

Roller

Barnehageeigar har overordna ansvar for barnehagen som ein lærande organisasjon og må syta for å ha kompetente pedagogisk tilsette for å sikra eit tilbod av god kvalitet. Saman med alle dei tilsette i barnehagen skal eigar bidra til å oppfylla mål, vera fagleg reflektert og syta for gode relasjonar. 
 
Styrar har hovudansvar for det daglege arbeidet i barnehagen, pedagogisk, personalmessig og administrativt. Her ligg ansvar for at medarbeidarane får opplæring i planar og rutinar og har system for oppfølgjing.  Styrar får del i uro og bekymring knytt til born. Saker ein ynskjer drøfta med PPT, skal alltid vera drøfta med styrar først. Styrar avgjer kva saker ein skal tilvisa PPT, skriv under tilvising, pedagogisk rapport og IUP. 
 
Pedagogisk leiar er leiar for heile barnehagegruppa og dei tilsette på si avdeling og har i oppgåve å setja i  verk og leia det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn. Pedagogisk leiar har hovudansvar for at IUP vert laga innan frist, i samarbeid med spesialpedagog som gjerne skriv planen. Pedagogisk leiar og spesialpedagog samarbeider om heilskapleg oppfølging av born med spesialpedagogiske behov.  

Spesialpedagog har ansvar for den spesialpedagogiske oppfølgjinga og skal i samarbeid med pedagogisk leiar og andre tilsette i barnehagen bidra til heilskap og tilretteleggjing i kvardagen.  
 
Barnehagelærar, fagarbeidarar og assistentar har alle eit medansvar for å møta born sin behov, barnehagen sine mål og vera fagleg og kompetent i møte med born og føresette. Tilsette har eit felles ansvar for å sikra at alle born får ta del i og medverka i fellesskapet. Alle tilsette er medansvarlege for gode relasjonar mellom borna, mellom born og tilsette og mellom tilsette og foreldra/føresette. 
 
PPT samarbeider og rettleier barnehagen på initiativ frå barnehagen, både i systemarbeid og individarbeid. PPT sin kommunikasjon med barnehagen går via styrar. Etter avtale kan ein samarbeida direkte med pedagogiske leiarar og tilsette som arbeider tettast rundt barnet. Møte mellom barnehage og PPT bør i størst mogeleg grad ha deltakarar frå administrativt nivå for å sikra at avtalar og tiltak er forankra administrativt. Dersom PPT sende ut spørjeskjema m.m. skal desse sendast tenesteveg via administrasjonen; ikkje direkte til enkelttilsette. I utarbeiding av sakkunnig vurdering har PPT eit sjølvstendig ansvar.  

Omgrepsavklaringar og kjernekomponentar

God samhandling i alle ledd krev at ein har felles forståing og er einige om kva som er innhald i sentrale omgrep.

Sakshandsaming
 

I all sakshandsaming knytt til spesialpedagogisk hjelp skal alle partar fylgja forvaltningslova og ulovfesta forvaltningsrettslege prinsipp. Dei som er særleg viktige i desse sakene er:  
1) Prinsipp om å arbeida forsvarleg.  
2) Prinsipp om å vera sakleg.  
3) Forbod mot vilkårlege avgjerder. 
4) Sterkt urimelege avgjerder.
5) Forbod mot usakleg forskjellsbehandling
 

Sakshandsamingstida skal vera rimeleg. Barnet har behov for å få avklara behov og rett til spesialpedagogisk hjelp så raskt som mogeleg. Sakshandsamingstid over tre månader kan vera for lang tid. Dette forutset høg kvalitet i forvaltning gjennom alle fasar.


 

Plan for kvalitetssikring av barnet si allsidige utvikling

Planen er bygd opp av 6 fasar. Fasane er bygd opp etter og har dei same fasane som «Rettleiar for spesialpedagogisk hjelp» frå UDIR. For utdjupande forståing kan ein lesa rettleiaren her.

Fase 1:  Ordinær barnehage- bekymringsfasen 

Denne fasen er i hovudsak regulert av barnehagelova §§ 31 og 32. Spesialpedagogisk hjelp skal bidra til barnet si utvikling og læring, sikra tidleg innsats og hjelpa barnet til å bli betre rusta til å starta på skulen. Om barnehagen ynskjer dela bekymringa med instansar utanfor barnehagen, skal barnehagen be foreldre om samtykke til dette.

1.1.    Fanga opp - fylgja opp

Eit godt barnehagetilbod med god kompetanse vil kunna føra til at færre barn har eit «særleg behov» for spesialpedagogisk hjelp. PPT kan hjelpa barnehagen med organisasjons- og kompetanseutvikling. Barnehagen  skal kartleggja, vurdera og eventuelt prøva ut tiltak for å sikra barnet ei tilfredsstillande utvikling og utbytte av opphald i barnehagen før eventuell tilvising til PPT. Dette skal sikra at barnehagane gjer ei vurdering av om barnet kan få utbytte av det ordinære barnehagetilbodet før eventuell spesialpedagogisk hjelp. PPT er rettleiar for barnehagen i denne fasen. 

1.2 Samarbeid mellom barnehage, andre instansar og foreldre

Når barnehagen er bekymra for eit barn si utvikling, bør det vera open og god dialog mellom barnehagen og foreldre. Barnehagen må lytta til foreldre sitt syn og deira vurderingar. PPT har også ansvar for å samarbeida med foreldre gjennom dei ulike fasane i prosessen slik at barnet får eit godt tilbod heile vegen. 

Vilkåret for å få spesialpedagogisk hjelp, eSalstein725% er at barnet har eit «særleg behov» for slik hjelp. Spesialpedagogisk hjelp skal ha eit pedagogisk siktemål. I «særleg behov» ligg det eit krav om at barnet må ha eit behov som skil seg frå, eller er meir omfattande enn det behovet som barn på same alder vanlegvis har.  I vurderinga er det aktuelt å sjå på barnet si utvikling, læring, evner og føresetnader – til dømes om barnet utviklar seg seinare, eller annleis, enn det som er forventa; eventuelt er «typisk for alderen». Ved å setja inn spesialpedagogiske hjelpetiltak, vil det vera mogeleg å gripa inn på eit tidleg stadium. Dette er i tråd med målsetjing om tidleg innsats.

Andre instansar kan også samarbeida i ei sak. Diagnose kan vera eit hjelpemiddel ved kartleggjing av barnet sitt behov. Det gjev ikkje automatisk rett til spesialpedagogisk hjelp. Motsett skal ikkje barnet sitt behov for spesialpedagogisk hjelp avvisast på grunnlag av diagnosen. Det er naudsynt med ei individuell sakkunnig vurdering.

1.3 Dokumentasjon og vurdering i barnehagen

I før tilvisingsfasen handlar det om vurderingar av om det ordinære barnehagetilbodet går langt nok i å tilpassa læringsaktivitetane til barnet sine behov, evner og føresetnader. Barnehagen si organisatoriske og pedagogiske tilretteleggjing, og ulike sider av barnet si utvikling og læring må vurderast:

Allsidig utvikling - Klikk for stort bilde

1.3.1  Barnehagen si organisering og rammefaktorar rundt barnet

  • Arbeidet som går føre seg for eit godt og trygt barne- og læringsmiljø
  • Gruppestorleik og vaksenressursar.
  • Systematikk i læring og danning på avdelinga
  • Kartleggjingsrutinar som er nytta
  • Tilpassing av aktivitetar og bruk av systematisk evaluering for læring og danning
  • Læremiddel og hjelpemiddel som er i bruk

1.3.2  Leik og læring

  • Læring med vekt på språk
  • Læring med vekt på leik 

1.3.3  Omsorg

  • Sosial utvikling (fellesskap, vennskap, inkludering)
  • Interesser, inkludert interesse for barnehagen
  • Heimekultur i forhold til barnehagen sine forventningar til barnet si læring

1.3.4  Danning

  • Barnet si personlege utvikling i forhold til målsetjingane i rammeplanen 
  • Barnet si oppleving av motivasjon og meistring

1.4  Barnehagen sitt «Samhandlingshjul» . 

        (For større utgåve av samhandlingshjulet: sjå vedlegg 11) 

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen gje barnet ei allsidig utvikling innanfor di rammene barnehagen har til rådevelde ved å tilpassa tilbod, organisering og rammefaktorar til barnet sitt beste.
______________________________________________________________________________________________________________________________________

Ved mistanke om eller bekymring for manglande utbytte skal barnehagen systematisk prøva ut, dokumentera og evaluera  tiltak med sikte på å gje barnet eit tilfredsstillande utbytte av tilbodet før eventuell tilvising til PPT. 

  1.4.1 Fasar i «Samhandlingshjulet»

"Fasar" i samhandlingshjulet
Tiltak Ansvar
Tilsette i barnehagen skal ved bekymring om at barnet ikkje får tilfredsstillande utvikling i ordinært tilbod, melda frå til barnehagen si leiing; sjå vedlegg 1 Bruk også Bli Z handlingsrettleiar Pedagogisk leiar  
Kartleggjing, observasjon og pedagogiske analyse. Ein kan her evnt.  tilvisa saka som systemsak; sjå vedlegg 5 Pedagogisk leiar
Kartleggjing av enkeltbarn  – samtale med føresette, og eventuelt barnet. Fylgja handlingsrettleiaren, informera om og innhenta samtykke til «Stafettlogg», og starta innsats gjennom denne; Sjå vedlegg 2 Pedagogisk leiar
Setja i verk tiltak og evaluera desse fortløpande Pedagogisk leiar med andre tilsette
Utprøving av tiltak med dokumentasjon i «Stafettloggen» Pedagogisk leiar med andre tilsette
Vurdering av tiltak:  føresette og barnehage Pedagogisk leiar
Samtale med styrar Pedagogisk leiar
Samarbeid barnehage og PPT Pedagogisk leiar / styrar Styrar kontaktar PPT sin kontakt.
Oppsummering av tiltak i samarbeidsmøte med barnehage, PPT og føresett. Det vert konkludert med: 1. Barnet får eit tilfredsstillande utbytte i ordinært tilbod. 2. Det vert sendt tilvising til PPT jmfr. § 31 Styrar/pedagogisk leiar/PPT
Før tilvising til PPT skal det vera gjennomført kartlegging etter plan og behov i tråd med vedlegg 4.   Pedagogisk leiar
Ved tilvising til PPT skal det utarbeidast ein pedagogisk rapport   Pedagogisk leiar  

*   Pedagogisk analyse bør gjennomførast i avdelinga i det ordinære arbeidet.  
   ** Systemarbeid – dersom ein treng rettleiing i høve læringsmiljø m.m. tilviser ein som systemsak 

   Vedlegg 1: Rutine «Uro for utvikling» (DOCX, 44 kB)
   Vedlegg 2: Tiltakslogg - Stafettlogg (DOCX, 80 kB)
   Vedlegg 3: Skjema «Pedagogisk rapport» (DOCX, 65 kB)
   Vedlegg 4: Rutine for «Systematisk pedagogisk arbeid» (DOCX, 40 kB) 
   Vedlegg 5: Skjema «Tilvising systemsak» (DOCX, 46 kB) 
   Vedlegg 6: Skjema «Tilvising individsak» (DOCX, 53 kB)

Fase 2: Tilvising til PPT 
 

Merknad: Fasen er regulert av barnehagelova §§ 33 og 34. Før tilvising skal saka vera drøfta med foreldre/føresette, vera kartlagt, tiltak skal vera prøvd ut, dokumentert og evaluert. Tiltaka skal omhandla tilpassingar innan opplæring, rammefaktorar og organisering. Foreldre må gje skriftleg samtykke for tilvising til PPT. PPT er sakkunnig instans jf. barnehagelova § 34. Foreldre kan krevja sakkunnig vurdering med sikte på å fastslå om barnet har rett til spesialpedagogisk hjelp.

Merknad: Skal barnet tilvisast PPT, må barnehagen leggja ved relevant informasjon:
1)    Barnet si generelle utvikling inkl. språkutvikling og sosiale utvikling i «Pedagogisk rapport» 
2)    Kartleggjingar og utgreiingar som er gjort av barnehagen eller helsetenester (der dette er aktuelt)
3)    Korleis barnet har respondert på utprøvde tiltak
Momentlista i «Pedagogisk rapport» er rettleiande i arbeidet.

2.1 Tilvising til PPT

  • Tilvising med dokumentasjon vert sendt til PPT.  Tilvising til PPT skal gjerast skriftleg på eige skjema. 
  • Styrar skal signera tilvisinga. 
  • Styrar er ansvarleg for at pedagogisk rapport med avtalt dokumentasjon ligg ved.
  • Kommunale barnehagar legg all dokumentasjon som følgjer tilvisinga i barnet si mappe i websak.
  • Private barnehagar sender all dokumentasjon som følgjer tilvisinga til Etne kommune ved barnehagemynde.

2.2 Inntakssamtale

Blyant illustrasjon - Klikk for stort bilde
  • PPT kallar inn foreldre/føresette, evt. barn til samtale
  • PPT kallar inn barnehage til samtale

2.3 Utgreiingsplan 

  1. PPT utarbeider plan for arbeidet i saka
  2. PPT gjennomfører vidare observasjon, kartleggjing og testing 

2.4 Plan for rettleiing og vidare arbeid

  • PPT lagar utgreiingsrapport 
  • PPT kallar inn for tilbakemeldingsmøte etter utgreiing.
  • PPT, barnehage og foreldre drøftar vidare plan for arbeidet
  • Det vert drøfta om det skal utarbeidast sakkunnig vurdering i saka. 

Vedlegg 7: Skjema «Samtykke til utarbeiding av sakkunnig vurdering» (DOCX, 50 kB)

Fase 3: Sakkunnig vurdering av barnet sitt behov for spesialpedagogisk hjelp

Merknad: Den fasen er regulert av barnehagelova §§ 32 og 34. Foreldre må gje skriftleg samtykke før det blir gjort sakkunnig vurdering og vedtak. Samtykke vert sendt til PPT med kopi til barnehagemynde. Gjennom sakkunnig vurderinga skal PPT utgreia saka og vurdera om barnehagen har naudsynte ressursar og kompetanse til å avhjelpa barnet sitt behov innanfor det ordinære tilbodet. På bakgrunn av utredninga gjev PPT ei tilråding om evt. spesialpedagogisk hjelp.  

Foreldre og barnet skal involverast i alle fasar. Synet til foreldre skal koma fram i ei sakkunnig vurdering og skal gje stor vekt.  Foreldre kan innhenta alternativ vurdering frå ein annan sakkunnig instans.

3.1 Den sakkunnige  vurderinga består av to hovudelement; utgreiing og tilråding. 

Sakkunnig vurdering inneheld ei heilskapleg utgreiing av barnet og ei vurdering med utgangspunkt i testar, kartleggjingar og observasjonar.  PPT utarbeider eit eige saksdokument, ei sakkunnig vurdering, som grunnlag for vedtaksmynde. Dette dokumentet inneheld to delar.

  • Utgreiinga er ei skildring av det ordinære opplæringstilbodet og ei kartleggjing og vurdering av barnet. Utgreiinga skal visa om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp. 
  • Tilrådinga skal gje kommunen informasjon om kva hjelp barnet treng.  

3.2 Kva den sakkunnige vurderinga skal PPT utgreia og ta stilling til?

  • Om det ligg føre forseinka utvikling og mogelege lærevanskar hos barnet
  • Kva som er realistiske mål for barnet si utvikling og læring
  • Om barnet sitt behov kan avhjelpast innanfor det ordinære barnehagetilbodet
  • Kva omfang av spesialpedagogisk hjelp som er naudsynt og kva kompetanse dei som gjev hjelpa bør ha

PPT kan henta inn opplysningar om utgreiingar/kartleggjingar som er gjennomført av andre, t.d. helsetenesta på informert samtykke frå foreldre.

Når PPT er ferdig med den sakkunnige vurderinga, sender ein denne til vedtaksmynde, med kopi til foreldre. 
Vedtaksmynde har ansvar for at den sakkunnige vurderinga gjev eit forsvarleg grunnlag for å fatta einskildvedtak. Dersom vedtaksmynde meiner at den sakkunnige vurderinga ikkje gjev eit tilstrekkeleg grunnlag for å utforme eit vedtak, skal vedtaksmynde be PPT om å utgreia dette nærare før einskildvedtak vert fatta. Retur av sakkunnig vurdering vert sendt tenesteveg til leiar for PPT.

Fase 4: Vedtaksfasen 
 

Merknad: Fasen er regulert av barnehagelova § 35 og forvaltningslova § 11a. Før det vert fatta vedtak om spesialpedagogisk hjelp, skal det liggja føre samtykke frå foreldre. Barnehagemynde hentar inn samtykke frå føresette. Vedtaket skal byggja på råd i sakkunnig  vurdering. Retten til spesialpedagogisk hjelp er ein individuell særrett. Dersom barnet flyttar til ein annan kommune, skal vedtaket om spesialpedagogisk hjelp gjelda til det blir fatta nytt vedtak i saka.  Einskildvedtaket vert fatta for eitt år om gongen.  Foreldre har rett å gjera seg kjend med innhaldet i den sakkunnig før vedtak vert gjort. Det er ikkje plikt å ta imot spesialpedagogisk hjelp. Barnehagen må då forsøkja å ivareta barnet sitt behov innanfor ordinært tilbod.

Etter at PPT har levert sakkunnige vurdering til barnehagen, skal kommunen avgjera om barnet  har rett/ikkje rett til spesialpedagogisk hjelp.  Barnehagemynde skal fatta einskildvedtak både når spesialpedagogisk hjelp vert innvilga og ved avslag. Einskildvedtaket må vera i  samsvar med reglane i barnehagelova og forvaltningslova. Dersom barnet får rett til spesialpedagogisk hjelp, må einskildvedtaket ta stilling til kva som vil vera eit forsvarleg tilbod etter barnehagelova § 31. Einskildvedtaket skal setja ramma for den spesialpedagogiske hjelpa barnet skal ha. Den sakkunnige vurderinga er rådgjevande. Dersom einskildvedtaket har avvik frå sakkunnig vurdering, må dette drøftast med foreldre og grunngjevinga synleggjera kvifor det er avvik . 

Einskildvedtaket skal innehalda: 

  • visa kva hjelpa skal gå ut på 
  • kor lenge hjelpa skal vara
  • kva timeomfang hjelpa skal ha
  • korleis hjelpa skal organiserast
  • kva kompetanse dei som gjev hjelpa skal ha
  • tilbod om foreldrerettleiing

Einskildvedtaket skal visa til dei reglane vedtaket byggjer på, nemna dei faktiske forholda som vedtaket byggjer på og  opplysa om høve til å klaga. Kommunen skal leggja vekt på alternativ sakkunnig vurdering om denne ligg føre. Fasen vert avslutta ved at einskildvedtaket blir sendt til dei føresette med kopi til PPT. Dersom føresette klagar på einskildtvedtaket, vil handsaminga av klagen også bli omfatta av denne fasen. 
Vedtak vert gjort i websak.

Vedtaksfasen
Innhald Tidspunkt / periode Ansvar
Sakkunnig vurdering   Rebestilling 1. febr. har som mål å vera ferdig 1. mai. Nye saker: 1 mnd eller utan ugrunna opphald Rebestilling- styrar barnehage Sakkunnig vurdering – PPT
Vedtak Forvaltningslova §11a Vedtaksmynde

Vedlegg 8: Samtykke til vedtak om spesialpedagogisk hjelp (DOCX, 76 kB)  

Fase 5: Planlegging og gjennomføring 

Merknad: Før barnehagen set i gang spesialpedagogisk hjelp skal det utarbeidast MOT (Mål Og Tiltaksplan). Einskildvedtaket set dei absolutte rammene for ein MOT. Planen skal byggja på einskildvedtaket og den sakkunnige vurderinga. MOT må samordnast med planen for ordinær aktivitet i barnehagen slik at barnet får eit heilskapleg tilbod.

5.1 Individuell utviklingsplan. IU-plan

Alle born som får spesialpedagogisk hjelp i Etne kommune, skal ha ein individuell utviklingsplan (IUP). 
Det er einskildvedtaket som er grunnlaget for IUP. Planen skal utarbeidast så snart som mogeleg etter at einskildvedtaket er fatta. Styrar har ansvar for å leggja til rette for eit godt planarbeid, som involverer føresette. Pedagogisk leiar og spesialpedagog samarbeider om å utarbeida IUP. IUP  skal konkretisera og setja i verk einskildvedtaket og vera eit arbeidsverktøy for barnehagen, pedagogisk leiar og spesialpedagog. IUP skal ikkje innehalda nye eller andre rettar for barnet enn det ein finn i einskildvedtaket. 

5.2 Stoppunkt og undervegsvurdering av den spesialpedagogisk hjelpa:

Stoppunkt og undervegsvurdering av den spesialpedagogisk hjelpa
Innhald Tidspunkt / periode Ansvar
Samanheng sakkyndig vurdering og IUP, -målformuleringar i IUP Mai/juni/august Fortløpande i nye saker Styrar har overordna ansvar og delegerer til pedagogisk leiar.
Utarbeida IUP Innan tre arbeidsveker etter at vedtak er fatta. Spesialpedagog i samarbeid med pedagogisk leiar skal skriva IUP. Pedagogisk leiar har ansvar for at IUP vert ein del av heilskapleg tilbod til barnet.
IUP og samarbeidsmøte   Like etter oppstart av barnehageåret, med plan for samarbeidsmøte gjennom året. Styrar har overordna ansvar. Pedagogisk leiar kallar inn til samarbeidsmøte.   
Kvalitetssikring: Alle med einskildvedtak har IUP og planen er lagra i «elevmappe» i websak. Veke 40   Styrar
Evaluering av spesialpedagogisk hjelp og vegen vidare November – januar. Frist for nye melding til PPT er 1 februar. Styrar/pedagogiskleiar/spesialpedagog foreldre/føresett evt. PPT
Kvalitetssikring: Utkast til årsrapport Styrar blir gjort kjent med og gjev tilbakemelding på rapporten sitt innhald. Innan 10. juni Pedagogisk leiar / spesialpedagogen
Endeleg årsrapport Innan 15. juni Pedagogisk leiar / spesialpedagogen Styrar sender denne til foreldre, kommunen og PPT.

Vedlegg 9: IU-plan – utarbeida IU-plan (DOCX, 77 kB)

Fase 6: Evaluering og vegen vidare 

Merknad: Fasen er  regulert i barnehagelova § 31 og 32 tredje ledd. Det er eit krav i barnehagelova § 32 tredje ledd at det vert utarbeida ein årsrapport med oversyn over hjelp barnet har fått og ei vurdering av barnet si utvikling. 

6.1 Årsrapport

Den som gjev hjelpa og har jamn kontakt med barnet, har ansvar for rapporten. Dette kan vera spesialpedagogisk team eller personalet i barnehagen.  Årsrapporten vert sendt til foreldre, barnehagemynde og PPT.

6.2 Behov for vidare einskildvedtak om spesialpedagogisk hjelp

Vurdering av behov for spesialpedagogisk hjelp vert gjort fortløpande gjennom året. Det må vurderast, i samarbeid med foreldre, om det er behov for vidare spesialpedagogisk hjelp, eller om barnet kan få tilfredsstillande utvikling utan slik hjelp. Det kan ofte vera tilstrekkeleg med grundig utgreiing kvart tredje år. Kommunen fattar då einskildvedtak med samtykke frå foreldre, på bakgrunn av den sakkunnige vurderinga og evalueringa i årsrapport.  

6.3 Gjenteken tilvising til PPT

Dersom perioden for sakkunnig vurdering er gått ut, eller kommunen vurderer at barnet sitt behov for spesialpedagogisk hjelp er endra, må det vurderast om ein må be PPT gjera ei ny sakkunnig vurdering. Foreldre må samtykka til dette. PPT byggjer ny sakkunnig vurdering på tidlegare informasjon i saka og årsrapportar. I tillegg treng PPT ein fornya pedagogisk rapport.

6.4 Avslutning av spesialpedagogisk hjelp

Der utviklinga til barnet er så positiv at barnet sitt behov for spesialpedagogisk hjelp blir heilt borte, avsluttar ein saka. Foreldre bør vera godt informert om slike vurderingar, og foreldra sitt syn bør høyrast. Ved usikkerheit og/eller usemje, bør PPT kontaktast for eventuelt å gjera ei ny vurdering av barnet sitt behov. 

Om det ikkje vert sendt ny tilvising når perioden for sakkunnig vurdering er gått ut, vert saka avslutta. Barnehagen sender då kopi av møtereferat.

Vedlegg 10: Rutine «Evaluering av spesialpedagogisk hjelp og vegen vidare» (DOCX, 63 kB)

Handlingssirkel - Klikk for stort bilde

VEDLEGG

Det er utarbeidd 11 vedlegg til denne rutinen. Desse er publisert saman med dette dokumentet på: F:\Oppvekst\Dokument_barnehage\Kvalitetssikring av allsidig utvikling\Oppdatering august 2022
Og i Teams på:


VEDLEGG 1: RUTINE «URO FOR UTVIKLING» (DOCX, 44 kB)
VEDLEGG 2:  STAFETTLOGGEN *Conexus (DOCX, 80 kB)
VEDLEGG 3: SKJEMA «PEDAGOGISK RAPPORT»  *Websak (DOCX, 65 kB)
VEDLEGG 4: RUTINE «SYSTEMATISK PEDAGOGISK ARBEID» (DOCX, 40 kB) 
VEDLEGG 5: TILVISING SYSTEMSAK   *Websak (DOCX, 46 kB)
VEDLEGG 6: TILVISING INDIVIDSAK   *Websak (DOCX, 53 kB)
VEDLEGG 7: SAMTYKKE TIL UTARBEIDING AV SAKKUNNIG VURDERING *Websak (DOCX, 50 kB)
VEDLEGG 8: SAMTYKKE TIL VEDTAK OM SPESIALPEDAGOGISK HJELP *Websak (DOCX, 76 kB)
VEDLEGG 9: UTARBEIDING AV IU-plan *Websak (DOCX, 77 kB)
VEDLEGG 10: RUTINE «EVALUERING AV SPESIALPEDAGOGISK HJELP OG VEGEN VIDARE» (DOCX, 63 kB)
VEDLEGG 11: SAMHANDLINGSHJULET (DOCX, 250 kB) 

Bakgrunnsdokument om spesialpedagogisk hjelp:
Om spesialpedagogisk hjelp i barnehagelova Kapittel VII. Spesialpedagogisk hjelp, teiknspråkopplæring m.m.

Juridisk rettleiar for spesialpedagogisk hjelp 

Udir: Kvalitetskriterium i PP – tenesta