Er du bekymra for nokon som bur eller oppheld seg i Etne kommune?

Ved behov for akutt legehjelp ring 113. 
Bekymring knytt til vald og/eller overgrep

Er du bekymra for eit barn og/eller ein familie? 

I Bli Z finn du framgangsmåten for korleis du kan gå fram. 

Er du bekymra for ein person over 18 år?

Kan du hjelpe personen du er bekymra for med å ta kontakt med fastlege eller andre hjelpetenester i kommunen? 
Bekymring kan vera knytt til helse, bustad, rus, økonomi, åtferd, kriminalitet og meir.

Fastlege
Psykisk helse og rustenesta
NAV
Politi

Har du ikkje anledning til å hjelpe personen direkte med å ta kontakt med hjelpeapparatet,  kan du melde bekymring  via tenestekontoret for helse- og omsorgstenester i kommunen. Du vel sjølv om du vil vera anonym i meldinga, men ein tilrår og ikkje vera det. Fagleiar i tenestekontoret saman med kommuneoverlege og helseleiar vil gjennomgå bekymring og følgje opp der det er aktuelt. På grunnlag av  teieplikt  får du ikkje tilbakemelding på kva kommunen gjer i saka.  

Bekymringsmelding - skjema