Næringsliv

Du finn eit variert næringsliv i Etne kommune, med jordbruk, industri, handel, service og tenesteytande næringar m.fl. Det vert satsa på nyskaping og etablering av ulike typar bedrifter. 

Det er viktig for kommunen at der finst arbeidsplassar for dei unge som har ønskje om å etablera seg her.

Dei to tettstadene, Skånevik og Etne, har etablerte industriområde med Leknestangen, Tongane og Steinshagen. Her har ulike bedrifter etablert seg.

Ønskjer du meir informasjon, ta kontakt med:

Næringsliv kontaktinfo
Kontaktperson Stilling Telefon Mobiltelefon
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim Ordførar 53 75 80 05 480 06 560
Filippo Ballarin Kommunedirektør 53 75 80 40 951 74 206

 

Skal du starta og driva eigen bedrift eller er du etablert? Nærings- og handelsdeparementet og Innovasjon Norge har lagt ut ein del nyttig informasjon. Ta ein kikk på denne sida Starte og drive bedrift

Enklare å starte og drive bedrift

Altinn – starte og drive bedrift er ein del av Altinn-portalen. Her får etablerarar og etablert næringsliv informasjon om korleis ein etablerer og driv bedrift i tråd med regelverket. I tillegg er det her ein rekke nyttige verktøy, guidar og malar for betre og enklare forretningsdrift.

I tillegg til nettenesta fins ei telefonteneste kalt Bedriftsveiledning (800 33 840). Her kan ein få rettleiing av personell med lang erfaring og høg fagleg kompetanse. Tenesta er gratis. Ringer du frå fasttelefon i Noreg er også telefonsamtalen gratis. Tenesta er tilgjengeleg i kontortida måndag – fredag.

Altinn - starte og drive bedrift og telefontenesta vert driven av Brønnøysundregistrene.

Haugaland Vekst

Samarbeidsrådet i Sunnhordland disponerer regionalt næringsfond som m.a. er tilgjengeleg for innbyggjarane i Etne kommune.