Viltforvaltning

KORT FORTALT

Utviklingsavdelinga har i oppgåve å handsame saker som gjeld viltforvaltning.

 

Viltutvalet 2019-2023
Viltutvalet 2019-2023
Medlem Varamedlem
Eivind Frette, leiar Per E. Rullestad
Jacob Bull-Tornøe, nestleiar Arvid Taraldsøy
Nils Rullestad Ole A. Nervik
Anette Lauareid Hovda Jens Birger Gjerde
Alf Ove Birkenes Ingelin Stålesen

 

I Hjorteviltregisteret finn du data frå jakt på hjort, rådyr og elg og opplysningar om fallvilt. Sjå sida om hjortevilt her.

Møteplan og saksdokument finn du her.

Viltrapporten til Etne kommune finn du her (PDF, 2 MB)

Hjorteviltplan for det interkommunale hjorteviltutvalet (PDF, 2 MB)

Etne kommune er medlem av Hjorteviltutvalet for Karmøy, Bokn, Haugesund, Tysvær, Vindafjord, Sauda, Suldal, Etne og Sveio. Hjorteviltutvalet har m.a. tilbod om sporhund og utfører også jaktoppsyn. 

Viltnemnda fungerer også som fallviltnemnd. Ved påkjørsel av vilt skal politiet kontaktast på telefon 51 89 90 00.

Statens naturoppsyn (SNO) har ansvaret for skadedokumentasjon av rein og husdyr som er mistenkt å vere drept eller skada av rovvilt. Kadaver blir undersøkt som regel i felt av lokal rovviltkontakt. Rovviltkontakten for Etne er Leiv Trygve Varanes og telefonnummeret hans er 95056952. Sjå heimesida til Statens naturoppsyn.

Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet har ansvaret for reinsdyrstamma i området Skaulen-Etnefjell.
Les meir om villreinen her.
 

Fristar for rådyr-, elg- og hjortejakt er:

• 1. april for melding om endringar siste år vedk. valdgrenser, eigedomstilhøve, teljande areal m.v.
• 1. mai for søknad om godkjenning av bestandsplanområde for jakt på elg og/eller hjort
• 15. mai for for søknad om nye hjorteviltvald, endring av fellingstalet i eldre vald og opning for jakt på rådyr

Viltfondet:

Fellingsavgifta frå hjorteviltjakta blir sett av på eit bundet driftsfond som utelukkande kan forvaltast til viltføremål. Fondet kan m.a. brukast til tiltak for å fremje viltforvaltning, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering m.m.. Det er ingen søknadsfrist og alle kan søkje viltnemnda om tilskot.

Kontaktinformasjon

Annbjørg Bue
Rådgjevar skogbruk og landbruk
E-post
Telefon 53 75 82 60