2.4 Om planen
2.4 Om planen
Med denne planen legg kommunedirektøren fram nye strategiar for å møte behova i ein aldrande befolkning i kommunen, fram mot år 2030. Plan for pleie og omsorg skal sjåast i samanheng med Plan for leve heile livet 2022-2026, som har følgande hovudpunkt i strategien:
- eit aldersvenleg samfunn
- aktivitet og fellesskap
- mat og måltid
- helsehjelp
- samanheng i tenestene
Det er eit mål å få samla delplanar for helse og omsorg i ein heilskapleg plan. Plan for pleie og omsorg er grunnlag for den nye planen, som er omtala i Etne kommune sin planstrategi for 2020-2024.
«Eldrebølga» er allereie i rask bevegelse, og pleie- og omsorgstenestene er det mest krevjande tenesteområdet. Det var difor naturleg å starta med delplan for eldreomsorga.