Ny tunnelvifte

På bakgrunn av alle tunnelane i Etne-området søkte Etne brann og redning støtte til tunnelvifte hos Statens vegvesen. På høsten 2023 vart søknaden innvilga, og me kunne setje vifta i bestilling. 

Folk ved tunnelvifta - Klikk for stort bilde
Tunnelvifte - Klikk for stort bilde
Folk ved tunnelvifta - Klikk for stort bilde

I går var dagen her då John Werkman fra Leader og Frode Andersen fra Braco var i Etne og overleverte tunnelvifta Easy 5000. Tunnelvifta har ein straumingshastigheit på 1 120 000 m3/t og er den kraftigaste brannsløkkingsventilatoren på marknaden. I tillegg kan vifta brukast til røykavsug, kjøling og luftfornying i store rom, som idrettshallar, store forsamlingslokale, industri, parkeringsplassar, kjøpesenter etc., så bruksområda er fleire. Utrykningsleiarar, verneombod, stasjonsmeister og leiar beredskap var samla for ein gjennomgang og opplæring.

Dette er den første tunnelvifta Easy 5000 som er levert utanfor Frankrike - og tenk at den kom til Etne! 😊

Håpar me ikkje får bruk for den – men om uhellet er ute så blir den god å ha!