Borerigg på plass i Etnesjøen

I samband med reguleringsplan og nye tiltak ved torg- og kaiområde er borerigg no på plass.  Sjå oppdatering under.

Oppdatert: 17.11.23

Utførte sonderingar og prøvar tatt opp ved boring viser at grunnen består av sandige og grusige massar.  Det vart ikkje gjort funn av sensitive massar som kvikkleire/sprøbrotmateriale.

Me minner elles om grunnlaget for å utføre undersøkingane: NVE stiller krav til utgreiing av områdeskredfare for alle område som ligg under marin grense og skredfare ikkje kan avklarast med bakgrunn i berg i dagen eller tilstrekkeleg stor avstand til hellande terreng.

  • Norconsult vil gjennomføre boringane på torsdag denne veka, og ut neste veke (veke 45). 
  • Boringane vil føregå på dagtid og på ettermiddag kvardagar. Dette vil støye.
  • Boreriggen er liten (ca. 2.5x2.5m) og skal ikkje vere til hinder for øvrig trafikk. Dersom ikkje anna er avtalt vert riggen sett på kommunal grunn.
  • 3 av boringane vil skje frå flåte på sjø. Dette vil føregå på måndag. Boringane her skal fullførast måndagen, og det kan kome avvik frå driftstida.

Det er planlagt boring i 10 punkt jf. boreplan. 

Kart over det berørte området - Klikk for stort bilde

Bakgrunnen for boringane er å avklare lovpålagt krav til tilstrekkeleg sikkerheit mot naturfare/områdestabilitet på reguleringsplannivå.

Dei av dykk som er i særleg nærleik får eigen sms-varsling onsdag 01.11. 
Spørsmål kan rettast eining Utvikling v/Eileen P. Selland på tlf. 971 72 075.