Feittvett

Ikkje kast matfeittet ditt i vasken eller i do. Det tettar røyrene – både dine eigne og alle dei som fører kloakk til reinseanleggane. Feitt og andre matrestar er også med på å holde liv i alle rottene.

Rotte - Klikk for stort bilde

Rotter, dyre overfløymingar og store reparasjonskostnader. Jula betyr kos med god mat, men det er og eit potensielt mareritt for private og kommunale røyr.

Slik kastar du feittet ditt:

❗️Feitt i steikepanna og stivna (avkjølt) feitt fjernar du med tørkepapir og kastar i matavfallet.

❗️ Feitt som ikkje stivnar samlar du i tett emballasje og leverer på gjenbruksstasjonen/avfallsanlegget.

Fettvett.no - Fettet tetter rørene

Fettvett.no - Slik kaster du fettet

FILM: Fettvett.no - Vis fettvett!