Folkemøte - revisjon Forvaltningsplan Folgefonna nasjonalpark

Forvaltningsmynda kallar inn alle interesserte til folkemøte angåande revisjonen av forvaltningsplanen for Folgefonna nasjonalpark og verneområda rundt på Åkrafjordtunet torsdag 14. mars kl. 19.00 

Fjell, vatn og elv ved Folgefonna - Klikk for stort bilde Espen Mills

Møta har som mål å informere og samarbeide med lokalsamfunna om eventuelle endringar i retningslinjer for forvaltningsplanen, og vi ynskjer å høyra dykkar synspunkt og innspel.

Det er viktig å understreke at retningslinjene i den reviderte forvaltningsplanen må overhalde lovforskriftene for verneområda. Vår jobb er å sikre ein berekraftig forvaltning av området samtidig som vi respekterer lovverket som gjeld. Difor kan ikkje retningslinjene åpne for aktivitet som vert regulert av desse lovforskriftene.

Lovverket er likevel ikkje alltid like enkelt å tyde, og difor oppfordrar vi sterkt til å kome med innspel til gode retningslinjer. Vi ynskjer alle interesserte innbyggjarar, næringsdrivande og organisasjonar velkomne til å delta på desse folkemøta for å dele dykkar perspektiv og bidra til ein heilheitleg og balansert forvaltning av Folgefonna nasjonalpark og verneområda rundt.

Oppstartsmelding - revidering av forval...e landskapsvernområder (L)(472683) (PDF, 84 kB)

Første møte vil skje på Åkrafjordtunet torsdag 14. mars kl. 19.
Neste møte vil skje på Litthuset i Odda måndag 18. mars kl. 19.
Siste møte vil skje på Folgefonnsenteret i Rosendal onsdag 20. mars kl. 19.
Det er ikkje naudsynt å gå på alle tre møta som er sett opp.

Logo Statsforvaltaren i Vestland - Klikk for stort bilde